Bønder og birkebeinarar
Det blir to norske filmar på bygdekinoen sundag. Då kjem dei med filmane «Gråtass - Gøy på landet!» og «Birkebeinerne».
Traktoren Gråtass har i mange år vore ein populær figur blant norske born. «Gråtass - Gøy på landet!» er den første av tre planlagde filmar om den lille traktoren og venene hans. Alle nordmenn har høyrd om birkebeinarane som flykta over fjellet på ski, men alle veit kanskje ikkje kvifor dei flykta. I Nils Gaup si filmatisering, som er basert på denne historiske hendingar, så får ein hans filmversjon av kva som kan ha skjedd på den farefulle ferda. Sundag kan ein få med seg begge desse filmane på bygdekinoen i Oseana.
Gråtass - Gøy på landet!
Saman med foreldrene sine reiser Gustav på landet, der skal dei vera heile sommarferien.
Gustav er skeptisk, dei har jo ikkje asfalt til å stå på rullebrett eingong. Skepsisen bllir snart snudd då Gustav blir kjent med Grynet, Goggen og Gamlefar på nabogarden. Og ikkje minst; traktoren Gråtass, som blir Gustavs aller beste ven. Gustav finn ut at den regjerande meisteren i grønsakskonkurransen på det årlege bondemarkedet er Gamlefar. I år har han berre ein sjanse til å vinna over sin erkerival Hildegunn og tittelen skal han forsvara med ein gigantisk agurk.
Problema starter då den rampete geitekillingen Houdini, som mora ikkje har mjølk til, går amok på garden og et opp agurken. Det gjer Gamlefar sint og han vil selje killingen til Hildegunn. Gustav og Gråtass vil redda Houdini og melder seg på dyretalentiaden i håp om å vinna konkurransen, slik at killingen får bli på garden. men vil geitekillingen klara å oppføra seg på bondemarkedet?
Skodespelarar: Elias Søvold Simonsen, Stein Winge, Jeppe Beck Laursen, Dagny Backer Johnsen, Hege Schøyen, Kari Ann Grønsund.
Filmen startar klokka 16:00 og er tilleten for alle.
Birkebeinerne
Filmen om birkebeinerne er basert på historiske hendingar. Året er 1204 og det er borgarkrig i Noreg. Baglerne, støtta av danskane og den rike pavekyrkja, regjerer Austlandet med våpen i hand. På den andre sida står Birkebeinerne, fattige folk som har fått namnet sitt fordi dei surrar bjørkenever rundt beina for å halda varmen.
Den uekte sonen til Birkebeinerne sin konge voktast i djup hemmeligheit midt i baglernes område, men då kongen døyr må det lille bornet reddast frå den sikre død.
Torstein Skevla og Skjervald Skrukka er dei to birkebeinarane som får oppgåva om å redda kongssonens liv. Dei er dei beste skiløparane og med ski på beina starter ei livsfarleg, iskald og dramatisk flukt over fjellet. Ei flukt som vil endra Noregs historie for alltid.
Skodespelarar: Jakob Oftebro, Kristofer Hivju, Pål Sverre Hagen, Thorbjørn Harr, Nikolaj Lie Kaas, Søren Pilmark, Bjørn Sundquist, Benjamin Helstad og Stig Henrik Hoff.
Filmen startar klokka 19:00 og har 12 års aldersgrense.