Bompengefritak
LESARINNLEGG, Olav Søfteland (Ap): Bompengefritak for Nordvik og Søfteland – Kalandseid?
>> Midtsiden samleside; les alle lesarinnlegga her
Arbeidet med å byggja ny E39 mellom Os og Bergen (Svegatjørn-Rådal) bør snart ta til. Ny veg vil bli til stor nytte for Os og for gjennomgangstrafikken. Dessverre trengst det bompengar for å finansiera vegen. Men nytten blir for dei fleste så stor at alle politiske parti i kommunen har godtatt bruk av bompengar.
I utkastet til finansieringasplanen som ligg føre er det rekna med at det skal krevast inn bompengar både på den nye vegen, på eksisterande E39 og på fylkesvegen over Fanafjellet. Bomstasjonane på eksisterande vegar ser ut til å bli på kommunegrensa.
Vi må rekna med ca 50 kroner i bompengar kvar veg for ein personbil og 100 kroner for ein tung bil. Ved bruk av Autopass-abonnement kan det bli ein rabatt på opptil 50 prosent. Likevel blir dette ein betydeleg kostnad med varierande nytte for trafikantane.
Eg tenkjer her spesielt på dei som bur i Nordvik, på Søfteland og Kalandseid.
Dei vil få bomstasjonane i nærområdet sitt utan at dei vil kunna nytta ny E39 når dei skal til Bergen. For Søfteland- Kalandseid vil ein heller ikkje kunna bruka nyevegen når ein skal til Osøyro.
For å få mest mogleg trafikk over på den nye vegen, kan det stundom vera nødvendig å ta bompengar også på andre vegar.
Prinsippet er at dei som betalar bompengar, også skal ha nytte av tiltaket som skal finansierast. Dette blir tolka og praktisert slik at også dei som får indirekte nytte av eit tiltak, f. eks. ved at det blir mindre trafikk på gamlevegen, også kan påleggjast å betala bompengar.
Det blir sjølvsagt bra for mange i Nordvik og på Søfteland-Kalandseid å bli kvitt gjennomgangstrafikken gjennom bygdene sine. Men nytten kan ikkje samanliknast med den fordelen det blir å kunna nytta tunnelane mellom Svegatjørna og Rådalen.
Dessutan vil bompengeinnkrevinga påverka bygdene på ein uheldig måte. I Nordvik ligg kommunegrensa og dermed framtidig bomstasjon midt i bygda. Bergensdelen av Nordvik er dessutan nær knytta til Lysefjorden.
Kommunegrensa mellom Os/Søfteland og Bergen/Kalandseid er heller ikkje noko naturleg grense mellom to bygder. Det er ikkje lenger ein daglegvarebutikk mellom Søfteland og Vallaheia. Daglegvarebutikken på Søfteland blir derfor nytta av folk frå Kalandseid. Den einaste bensinstasjonen mellom Tøsdalskiftet og Nesttun ligg på Søftelandsida like ved kommunegrensa.
Det er blitt eit samarbeid mellom idrettslaga på Søfteland og Kalandseid. Alt dette gjer det urimeleg at folket som bur i Nordvik og på Søfteland-Kalandseid, må betala bompengar på vegane gjennom desse bygdene. Ved bruk av Autopass-brikke er det teknisk mogleg å frita eit avgrensa område for å betala bompengar. Det er gjort eit liknande fritak i Sør-Trøndelag.
Heldigvis tilrådde både Bergen og Os kommunar i 2010 at dei som bur i Nordvik og på Søfteland-Kalandseid skal sleppa å betala bompengar på vegane som går gjennom bygdene deira.
Men saka er ikkje avgjort og ho kan koma oppatt i kommunestyret.
Derfor har Os Arbeidarparti programfesta ei fritaksordninga for Nordvik og Søfteland-Kalandseid.
Olav Søfteland
Listekandidat for Os Arbeidarparti