Lokal | 02. feb. 2016

Bølgje «blåste» bandet av scenen

Osingar på jam-cruise til Danmark blei vitne til at både instrument og musikarar låg strødd. Men «Tor» øydela ikkje turen.

Bølgje «blåste» bandet av scenen
Sånn såg scenen ut etter at kjempebølgja vugga danmarksbåten. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 02. feb. 2016 13:58

I førre veke fortalte vi om eit knippe lokale musikarar som var på veg til Danmark på jam-cruise. Cruiset er eit av fleire arrangement i Fjord Line sitt «Fjordsprell»-program.

Trass uvêret «Tor» blei det avgang frå Bergen 13.30 som planlagt. Men passasjerane fekk kjenna litt på kreftene til Tor.

– Det gjekk fint over både Sletta og Boknafjorden. Etter å ha lagt på vent i Stavanger nokre timar gjekk vi frå land seint på kvelden, fortel osingane Kurt Røttingen og Olav Skorpen.

Blei slengt i bakken

Ut frå Stavanger gjekk det så stødig at dei første musikarane entra dei to scenane om bord. Men dei kom ikkje lengre enn til tredje låt før det brått blei slutt på musikken.

– Det kom ei kraftig bølgje som fekk det meste til å rase av garde. Musikarar, forsterkarar og instrument blei slengt i bakken, bord og stolar raste på bort i ein krok.

Nokre var småskadd, andre var redde. Etter ei stund kom mannskapen og sa at alle burde trekka seg tilbake til lugarane.

– Det blei ein periode med ein del sjø. For dei som ikkje er vant med sånt kan eg forstå at det var litt ubehageleg, men vi sette oss på lugaren og jamma vidare, seier Kurt, som jobbar som sjølv jobbar på fiskebåten MS «Røttingøy».

Også laurdag blei det musikk, då på scenane, dagtid og kveldstid. Nokre justeringar på ruta blei det i etterdønningane òg, ein tur innom Kristiansand for å venta på vêret på veg tilbake frå Hirtshals, og drop-of i Stavanger. Passasjerane blei sendt til Bergen med buss for at danskebåten skulle koma i rute igjen.

– Glad passasjerene takla det så bra

Fjord Line er både glad for at «Tor» ikkje blei verre enn at turen kunne gå, og for at ikkje jam-cruiset blei øydelagt av perioden med ekstra høge bølgjer.

– Vi blei liggande i Stavanger til vêrforholda gjorde det mogleg å segla vidare til Hirtshals, men fekk ein sekvens med nokre ekstra høge bølgjer kort tid etter avgang, seier Eva Mellgren i Fjord Line.

– Det kan samanliknast med eit møte med turbulens i fly. Det var aldri fare for båten eller dei som var om bord, men det blei dessverre ein kort periode der det var ubehageleg for ein del passasjerar. Nokre av dei falt og slo seg, men ingen blei alvorleg skadd.

I dag la sjøvante Ausekarane frå land med Fjord Line, seinare i vinter er blant andre Johnny Logan og Jan Eggum artist om bord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.