Boka om Arne
- Arne Mæland har ei unik evne til å mobilisera positive krefter, meiner forfattar Geir Keys . I dag blir boka om Mæland og kunsten hans lansert i Solbakkestova.
- Eg hadde tenkt å det tidlegare, å få samla litt kunst og nokre småhistoriar rundt prosessane i ei bok, men det var først etter "Livet, leiken og draumane", skulpturen Ragna Sofie og Christian Rieber bestilte hos meg, at bokprosjektet starta, fortel Arne Mæland.
Mæland blei fødd i Etne i 1950. Han flytta til Os og jobba som lærar før han byrja fulltid som kunstnar. I Solbakken har han eige galleri, Solbakkestova, ved sida av bustaden sin. Sidan 1999 har han annakvart år stått i spissen for skulptursymposiet på Os. Han reknar "Livet, leiken og draumane" som sitt hovudverk, og kundane bad om å få vera med på å realisera boka.
- Det var innlysande kven eg skulle kontakta for å hjelpa meg til å samla bilde og tekst, og til å sy saman boka på ein fin måte. Bernt Kristiansen var ein meister på dette.
Dessverre er ikkje Bernt med oss lenger, men i tillegg til å setja sitt preg på bygda og så mange oss som bur her, fekk han også vera med på store delar av bokproduksjonen.
Saman med Bernt hadde Mæland Geir Keys og Vidar Langeland på tekst og foto. Til å skriva norske tekstar ut frå dei engelske tekstane til Keys fekk Arne med seg tidlegare kollega Lars Skorpen.
Forsiktig fotografering
Fotografen Vidar Langeland blei kjent med Arne på midten av 90-talet. Vidar jobba då for Os & Fusaposten. Han blei ven med Arne, og noko av det første han var involvert i var ein kalender Bernt Kristiansen lagde, med bilde av kunsten til Mæland.
- Bernt skulle også ta layout på boka, men fekk berre produsert 20 sider før han gjekk bort hausten 2008. Eg følte at det å ta på seg oppgåva med å fullføra multikunstnaren Bernt sitt arbeid var utfordrande, og eg har prøvd å jobba vidare i hans stil, seier Vidar.
Frå før var han involvert som fotograf, både med sine arkivbilde av kunsten og kunstnaren, men også med nye bilde frå det innhaldsrike livet hans.
- Korleis er Arne å jobba med?
- Han er veldig raus og inkluderande, og han får folk rundt seg til å føla seg verdsett. Som objekt er han ein flott og fotogen mann, meiner BA-fotografen.
Men når det gjeld det å fotografera kunsten hans, må Langeland vera meir varsam. Det er lett å lata seg freista til å blir kreativ når du skal ta bilde av skulpturar.
- Det er viktig å hugsa at bildet er kunsten underordna, bilda skal dokumentera og visa det reelle, ikkje vera for utfaldande i seg sjølv.
Bak scenen og inn i hovudet
Frå å vera på hels med Arne fekk Geir i samtalar med kunstnaren læra meir om både mannen og verka hans.
- Det å få koma bak scenen og inn i hovudet på Arne, å bli kjent med denne søkjande, engasjerte og entusiastiske personen har vore veldig interessant, seier Geir Keys.
Kunstnaren sjølv seier han er ein rotepave.
- Arne er nok som mange andre kunstnarar, full av kreativitet, men ikkje så god i orden. Men han har ei enorm evne til å organisera og til å mobilisera positive krefter. Han skapar resultat av idear, seier Keys.
Han fortel også om ein kunstnar som bryr seg mykje om menneske, både dei han har rundt seg og dei som har det vanskeleg.
- Mæland har tidlegare jobba med folk som har det vanskeleg, og i noko av kunsten hans kan vi sjå dette igjen, seier forfattaren, og brukar skulpturen av uteliggaren som ligg på ein benk, plassert utanfor ein av dei store bankane i Bergen, som eksempel.
Rart og fint
For halvannan veke sidan fekk hovudpersonen boka mellom nevane for første gong.
- Det er litt rart å lesa om seg sjølv, litt skremmande å ha ei eiga bok. Men boka handlar i hovudsak om kunsten min, og både arbeidet med boka og det å ha ho ferdig er først og fremst ei veldig fin oppleving, seier Arne Mæland.
Torsdag klokka 19 er det lansering og ope hus i Solbakkestova.
Mæland har bestemt seg for at inntektene frå boksalet skal gå til hans fond for unge kunstnarar i Os.