Lokal | 21. juli 2009

Bognande bakside

Os er ein populær kommune for hyttefolk og båtfolk. Baksida av medaljen er avfallsmengder som er vanskelege å handtera.

Bognande bakside
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 21. juli 2009 11:45

Bildeserie:

1 av 2

Kva gjer du når behaldaren er full? Tar du posane som luktar ei blanding av rekeskal og bleie tilbake i båten? Eller kva med haugen med knuste fliser og gamle kjøkkenskap etter renovering av hytta? Du treng vel ikkje kjøra dette heilt til gjenvinningsstasjonen i Kolskogen?

- Vi finn mykje rart i konteinarane som vi har plassert ut for hytterenovasjon, men hytteeigarane er nok ikkje dei største syndarane, seier informasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal til midtsiden.no.

Ho fortel om dobla kapasitet sommarhalvåret og eit avslørande prøveprosjekt.

Suksess med låste behaldarar
I år starta BIR med å låsa konteinarane til hytterenovasjon i Osterøy og Sund. Berre hyttefolket har fått nøkkel.

Først fekk dei problem med skadeverk på desse, på Osterøy blei 16 av 40 konteinarar skadd i uvelkomne brukarar sitt desperate forsøk på å stappa posen sin oppi. Etter ei stund blei det mindre hærverk og vanar som resulterte i oppmuntrande statistikk.

- Vi starta med låste behaldarar i april, og i sommar har vi kunna gleda oss over 75 prosent nedgang i sekkar plassert utanfor konteinarane i Sund. På Osterøy har det også vore nedgang, her har vi ikkje fått behov for to tømmingar i veka, slik vi ofte hadde tidlegare, fortel Skudal.

Hushaldningane syndar
Nedgangen i boss rundt dei låste konteinarane avslører at hushaldningane ofte brukar desse til å setja frå seg boss dei ikkje får plass til i eigen behaldar. Låsane er ei tydeleg påminning om at dette ikkje er plassen der restavfallet til fastbuande skal kastast.

Prøveordninga er allereie evaluert, no skal alle kommunane BIR handterer avfallet i få låste behaldarar for boss frå hytter. Einaste endring er ei teknisk betring som gjer behaldarane meir robust.

- Eg veit ikkje om vi får lås på behaldarane i alle kommunane allereie neste år, men det er bestemt at målet er å gå for lås på alle så snart så mogleg.

I Os er ikkje hyttekonteinarane låste. Her er ein oversikt over kor mange
bossposar BIR har funne ved sida av behaldarane i år:
April: 130
Mai: 207
Juni: 397

BIR aukar kapasiteten frå 60 til 120 eller 200 liter per hytte per veke sommarhalvåret.

Kva med båtfolket?
Medan BIR gjer sitt beste for å ta hand om utfordringa med restavfall frå hytter, hopar det seg opp på "Hølmen". Bunnpris Vedholmen Landhandel er ein viktig samlingsplass for både fastbuande, hyttefolk og båtfolk, men avfallsmengda er mykje større enn kapasiteten.

- Det er éin hyttekonteinar på snuplassen ved gamleskulen og to bak butikken. I tillegg har vi eigen konteinar. Tett på desse bak butikken står naboane sine, og dei som leiger i etasjen over butikken. Alt er fullt, og det står posar rundt behaldarane som måsane går laus på om morgonane, seier Inglaug Brimsholm.

Ho fortel at kapasiteten ikkje er auka til å bli god nok for sommarsesongen.

- Vi har same tal på konteinarar som om vinteren. I fjor auka dei til tre ved butikken om sommaren, det har dei ikkje gjort i år. I tillegg har vi tre tømmingar i veka. Det høyrest kanskje mykje ut, men det er det same som om vinteren, medan mengda boss truleg er tredobla om sommaren.

Brimsholm lurer også på kven sitt ansvar båtfolket sitt avfall er. Sjølv om ho driv båthamn og butikk er ho ikkje med på at heile ansvaret ligg på butikken hennar.

- Vi har båthamn der kanskje ei handfull båtar ligg til kai over natta, men vi har fleire hundre båtar innom i løpet av ein fin sommardag. Alle har noko å kasta og vi har ikkje sjanse til å ta unna.

- Heile familiar som har vore på tur i fleire veker må få lov til å kasta avfallet sitt, men det må bli lagt betre til rette. Lukta og rotet bak butikken er eit problem. Hushaldingane i nabolaget får også fylt spanna sine, og vaknar til full måse-fest kvar morgon, seier Inglaug, som no vil drøfta problemet med BIR.

Her er liste over BIR sine behaldarar i Os, for restavfall frå hytter

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.