Bøe og Lepsøy sin nye boltreplass
Lageret, som dotterselskapet Vestafjell skal leiga delar av, har reist seg på kort tid.
Ting skjedde fort då vegvesenet ville kjøpa lageret som Vestafjell brukte i Kolskogen.
– Dei hadde det travelt med å få senda informasjon om dette ut til entreprenørane, så vi måtte ut til byggestart 1. oktober, fortel Morten Arvid Hansen.
Han er direktør i både AS Bøe & Lepsøy og Vestafjell AS. Vestafjell, som har hovudkontor på Midtun, brukte lageret til modulproduksjon og som lager og verkstad for utstyr til byggeplassane i og rundt Os.
Fekk tak i byggeklart prosjekt
– Vi hadde i utgangspunktet ein idé om å bygga lager og kontor ved knuseverket, men det kunne bli ein meir langdryg søknadsprosess, blant anna fordi Forsvaret er nabo.
– Då passa det veldig bra at det allereie var byggeklar tomt og byggemeldte og godkjente teikningar her i Hegglandsdalen.
Bøe & Lepsøy kjøpte tomt og prosjekt, men har ikkje sett Vestafjell til å bygga hallen.
Tomteseljar, Venture Industry Properties AS, (med folk frå Fourphase og Vest Mekaniske i same industriområde som største eigarar), hadde allereie henta inn prisar, og B & L brukte dei same tilbydarane.
Dette er nærmaste nabo, Johs Sælen og Sønn AS. Grunnmuren blei støypt i sommar og hallen har reist seg og blir ferdig før jul.
Same areal - større produksjonskapasitet
Hallen er 54 meter lang og 18 meter brei (grunnflate på 972 kvm).
– I Kolskogen hadde vi 700 kvadratmeter pluss 200 kvm ope under tak. Vestafjell skal berre brukaførsteetasje, så vi får ganske lik boltreplass som før.
– No har sjølve hallen endå større takhøgde enn vi treng, men vi får uansett større plass til modulbygging. Vi har blant anna bygd alle altanane i felt B6 i Hjellemarka under tak, for så å løfta dei på plass med kran.
Bøe & Lepsøy Utbygging har i skrivande stund over 100 husvære under bygging.
640 ledige kvadratmeter
Ein tredel av bygget er skilt i tre etasjar, kvar på 18 x 18 meter (utvendig).
– Andre- og tredjeetasje blir ledig for utleige. I førsteetasje skal vi ha kontor, kantine, garderobe, lager for ting som kan trillast og ein liten verkstad for enkle reparasjonar og vedlikehald av verktøy og utstyr.
Det var i utgangspunktet teikna eit trappehus med heissjakt på innsida av bygget, men denne kjem i etterkant, på utsida.
Vestafjell har ordna seg med midlertidig lagring mens dei ventar på at det nye lageret skal stå klart.
– Mykje av utstyret er ute på byggeplassane, det er veldig høg aktivitet for tida og vi får det også travelt gjennom vinteren. Men det skal bli godt å kunna ta i bruk ei god produksjonslinje for modular, seier Morten A. Hansen.