Lokal | 14. juli 2013

Blokkerer ladepunkt

– Eg er avhengig av desse ladepunkta, men fleire gjev blaffen og parkerer akkurat der det passar dei, seier ein irritert elbil-eigar.

Blokkerer ladepunkt
Halhjem: Denne bilen blokkerer denne helga ein av dei to plassane for elbilar som vil ha lading. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 14. juli 2013 10:03

I helga har ein elbil-eigar i Os hatt problem med å få "drivstoff" fleire plassar i bygda.

– Vi har parkeringsplass eit stykke frå bustaden vår, så det er litt styr om vi skal lada heime. Dessverre er ladepunkta i Os ofte blokkert av vanlege bilar som har parkert ulovleg, fortel ein innringar til Midtsiden.

På Halhjem har det nye ladepunktet, som ifølgje elbil-eigaren er nesten 10 gongar meir effektivt enn dei andre ladepunkta i bygda, ofte vore blokkert av pendlarar.

Blir meldt til politiet

– Eg fann namnet på bileigar og ringte for å be vedkomande flytta bilen sin, men dei som brukte bilen var på Tysnesfest og det var lenge til ho kom til Halhjem.

– Eg forstår at det er få plassar når det er festival, men dette skjer også elles i året. Punktet på Halhjem er ekstra viktig for oss som bruker elbil. Her kan vi toppa batteriet på under ein time, andre plassar tar det gjerne nesten 10 timar.

Elbil-eigaren fann også ein feilparkert bil på ladepunktet på Amfisenteret og seier han vil melda begge til politiet.

– Så får eg håpa dei får ein lærepenge – og at folk blir flinkare til å ta omsyn, ikkje berre for min eigen del, men for alle som har elbil. Dette tilsvarar å sperra av ein bensinstasjon, det håper eg folk forstår.

Kraftig vekst

I 2012 blei det selt over 4000 elbilar i Noreg, noko som er ei dobling i forhold til 2011, skriv ge.no.

I april 2013 var det, ifølgje gronnbil.no, 12.000 ladbare bilar i Noreg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.