Blir verande i Bjørnafjorden
Fotland har trekt søknaden i Arendal.
Kommunedirektør i Bjørnafjorden, Christian Fredrik Fotland, var blant søkjarane til stillinga som kommunedirektør i Arendal.
Dette var omtalt av NRK Sørlandet, ei sak Os & Fusaposten viste til, i slutten av august.
Fotland har likevel bestemt seg for å bli verande her.
– Eg har i dag meldt til ordføraren i Arendal at eg trekk søknaden min som kommunedirektør der, opplyser Fotland i ein epost til redaksjonen.
Han har tidlegare i dag også informert kollegaene sine i eit notat på «innsio», sida for internt nytt for tilsette på kommunen si heimeside.
– Prosessen i Arendal har vore spennande og lærerik. Etter ei totalvurdering har eg bestemt meg for å trekka søknaden, eg ønskjer å bli verande for å jobba vidare med å skapa gode kvardagsliv for alle innbyggarane i Bjørnafjorden kommune.
Fotland tok over etter Knut Terje Rekve då eit samrøystes kommunestyre i desember 2015 gjekk inn for å tilby han jobben.
Han hadde då, frå 2005, snudd minus til pluss i den gong Radøy kommune.
– Bjørnafjorden kommune har store utviklingsmoglegheiter både for næring, bustad og tenesteutvikling. Dette kjem til å bli veldig spennande i åra som kjem, og noko eg ønskjer å vere ein del av.
– Eg ser fram til å samarbeide med både tilsette, politikarar og innbyggarar dei neste åra, avsluttar Fotland.