– Blir kjempevêr!
Gustav Bahus er optimistisk dagen før Ulven-markedet. – Sjølv om vêret har vore dårleg dei siste dagane, så blir det bra i morgon.
Ulven-markedet blir laurdag arrangert for niande året på plassen rundt Os vidaregåande skule.
– Det første året var vi på Ulven, derav namnet, men dei siste åra har vi halde hus ved Os vgs, fortel primus motor Gustav Bahus.
Marknaden er eit veteran- og delemarked som fevnar vidt.
Største på Vestlandet?
Marknaden er truleg den største av sitt salg i Bergensområdet.
– Dei siste åra har vi vore omlag 80 utstillarar under mottoet "Kom som du er, ta med det du har".
– Det har kome folk frå Kristiansand i sør til Møre i nord, fortel Bahus.
Alt mogleg
Ulven-markedet er staden for deg som lik å ta vare på gamle ting, eller berre sjå på korleis andre har klart å restaurera gamle bilar, motorsyklar og andre doningar.
– Som tidlegare år blir det "finbilutstilling", traktorar og anna materiell.
– Både for utstillarane og publikum er sjølvsagt heile marknaden gratis.
Ikkje uroa
Sjølv om vêret ikkje har vore det beste dei siste dagane, så er Bahus like roleg.
– No hadde vi ei periode med fint vêr, så ei periode med dårleg vêr, men i morgon då blir det bra, seier ein sjølvsikker Gustav Bahus.
– Berre sola stikker igjennom skylaget kjem temperaturen til å bli bra òg.
Skal ein tru meterologane i Yr og Storm så har Bahus rett. Laurdagen skal bli lettskya pent vêr, med temperaturar rundt 10 grader.