– Blir ikkje lagt på vent
– Saman med den nye forskrifta har det kome nye retningslinjer frå Riksadvokaten. No blir alle vassjet-sakene kjørt fullt ut, seier politiadvokat Terje Ritland.
Sidan forbodet mot vassjet kom i 2001 har styresmaktene og mange av vassjetkjørarane vore ueinige. Vassjetentusiastar har blant anna argumentert med at CE-merkinga gjer at vassjet er definert som båt, og det sterkare argumentet, vassjet heilt eller delvis produsert i EØS kan brukast i EØS sine medlemsland.
"Europaparalements og Rådsdirektiv 2003/44 om endring av direktiv 94/25 ble inkludert i EØS-avtalen ved beslutningsnr. 37 den 11.03.05. Norge er dermed forpliktet til å gjennomføre nevnte regelverk. Ansvarlig myndigheter for gjennomføringen er Nærings-og handelsdepartementet samt Miljøverndepartementet ved Sjøfartsdirektoratet. Direktivet er gjennomført i forskrift om produksjon og omsetning av fritidsfartøy mv av 20. desember 2004 nr 1820." Nærings-og handelsdepartementet
I eit brev (sjå vedlegg) frå riksadvokat Tor Aksel-Busch til samtlege politimeistrar og politiadvokatar i Noreg 3. juli 2009 ba riksadvokaten om at alle meldte forhold skulle etterforskast fullt ut, men i saker som handla om vassjetar som var heilt eller delvis produsert i EØS skulle påtale avventa.
"Ikke straffbart"
I mars fortalte BA.no om Carl-Robert Larsen, som hadde blitt stoppa på vassjet i Byfjorden i 2011, men som hadde fått saka si "henlagt fordi det ikke er straffbart" (sjå vedlegg).
Dette gav nok vassjetkjørarar yttarlegare tru på at dei kunne halda fram med å kjøra vassjet delvis produsert i EØS, nekta å vedta forelegg og halda fram med å kjøra.
I april kontakta Midtsiden Riksadvokaten for å høyra om det var noko nytt i saka, om EFTA sitt overvakingsorgan ESA var nær ein konklusjon. Dei hadde ikkje høyrt noko i saka og viste vidare til Regjeringsadvokaten, som kommuniserer ut av landet.
Heller ikkje der var det noko nytt.
Ny forskrift
Fredag 22. juni i år vedtok Kongen i statsråd ei ny forskrift som opprettheld det generelle forbodet mot vassjetkjøring i Noreg, men som framleis gjer det mogleg for kommunane å opna for kjøring i visse område.
"Kommunene har plikt til å gi dispensasjon i de områdene noen har søkt om å få kjøre hvis ikke hensynet til miljø eller sikkerhet taler i mot."
Saman med forskrifta er eit kart som viser sårbare område, område med truga dyreartar, område nær badestrender og område nær tettbygs strøk (sjå vedlegg).
No er det alvor
Også frå Riksadvokaten har det kome eit nytt brev til politiadvokatane.
Riksadvokaten seier til Midtsiden at dette brevet først blir gjort offentleg om ei veke, men politiadvokat Trygve Ritland i Hordaland politidistrikt Bergen sør, fortel om litt av innhaldet.
– No skal alle saker som handlar om vassjetkjøring, anten skuteren er produsert i EØS eller ikkje, etterforskast og følgjast opp fullt ut, seier Ritland.
OPPDATERT: Brevet finn du her.
– Det blir venta ei bestemt og effektiv oppfølging av den nye forskrifta. Ved gjentatte forhold er det også stor sjanse for beslag av vassjeten, legg han til.
– Kva med alle dei som har saker "på vent". Risikerer dei som har fleire bøter liggande, som dei ikkje har vedtatt, at det no blir påtale?
– Det er litt tidleg for meg å svara på, men eg vil tru at dei fleste av desse sakene vil bli henlagt. Men ingen av dei nye sakene bli lagt på vent, stadfestar han.
Nye bøtesatser?
Tidlegare har det etter det Midtsiden kjenner til blitt skrive ut bøter på 5000 kroner til dei som er tatt for vassjetkjøring.
Midtsiden har snakka med nokre av dei som måndag blei tatt utanfor Os hamn. Dei skal ha fått beskjed om at det no blir gjeve bøter etter prosent av inntekta.
Ritland sit ikkje på informasjon om nye bøtesatser, men seier han reknar med at dei i starten vil halda seg til dei gamle.
– Bør søkja om dispensasjon
Politiadvokat Ritland vil understreka at det ikkje er totalforbod mot vassjet i Noreg.
– Det er berre tull. Det er godkjent område i Fana og i Os, men ein kan ikkje kjøra vassjet på fjorden tl og frå desse områda, og dei er regulerte, ein må vera medlem i klubb.
– Dei som vil halda fram med å kjøra vassjet får melda seg inn i klubb og kjøra der det er lov. Eventuelt kan dei søkja om nye område, foreslår Terje Ritland.
Kjempar vidare
VG.no fortel i dag om Raymond Mørk-Olsen, som gjer alt han kan for å bli tatt for vassjetkjøring.
Han vil, når han blir meldt, prøva saka "til topps i systemet".
Meir om saka: På jettrade.no ligg ei samling av dokumenter og dommar i vassjet-saker.