Næringsliv | 12. juni 2011

Blir i Strøne-strøket

Etter 22 år i bankbygget flyttar Guri-frisør på seg og flokken sin. Men ho flyttar ikkje langt.

Blir i Strøne-strøket
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 12. juni 2011 22:38

Då Signy Bugge og Karin Røttingen starta frisørsalong saman blei namnet Syrin Frisørsalong. Så starta Karin heimesalong og dottera til Signy, Guri, steppa inn.

Sidan 1989 har Syrin og Guri Frisørsalong halde hus ved sidan av DnB NOR i Brugata.

– Eigarane av bygget har planar om ombygging og vår del av bygningen kan med tida bli riven. Derfor slo vi heller til på tilbod om lokale over vegen enn å fornya her, fortel Guri Bugge.

Godt nabolag

Så trilla ho ein kunde i rullestol ut av salongen og 20 meter bortover fortauet og inn på Kafé Engeline. Strøne-jentene som jobbar i frisørsalongen fekk i mai nye naboar i bestemødrene frå Strøno som opna ny kafé.

– Det var veldig kjekt å få god servering i nabolaget, seier Guri, som snart skal flytta på seg.

Men salongen blir verande i Brugata, eller Strøne-strøket, om du vil. Guri overtar nemleg lokalet der Renseriet heldt til, på gateplan ved sidan av Fisketorget Os.

– Vi flyttar på tampen av juni, så det blir travle veker før ferien.

Like stort

Med seg har ho Marie Bruarøy, som på fritida er varaordførar i Os, Eirin Frotveit, lærling Ida Hagevik Heggeland og ryddehjelp Miriam Bugge Orrebakken.

– Det nye lokalet er omtrent like stort som det vi har i dag, men litt annleis i form og innreiing. Det skal bli kjekt med noko nytt, trur Guri og resten av jentene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.