Lokal | 11. apr. 2016

Blir Forskerfabrikk-barnehage

Espira Ulvenvatnet barnehage går inn i naturvitskapens verd og blir ein Forskerfabrikk-barnehage.

Blir Forskerfabrikk-barnehage
Espira Ulvenvatnet blir Forskerfabrikk-barnehage. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).
Kari M. Lyssandmåndag 11. apr. 2016 12:17

– I Kunnskapsbarnehagen Espira er realfag eit av områda vi satsar tungt på. Samarbeidet med Forskarfabrikken er eit av dei viktigaste verktøya vi har for å jobba godt med forskning og realfag på barnas eigne premisser, seier styrar Katharina Søreide i ei pressemelding.

Forskerfabrikken har, sidan 2014, arrangert ei veke med sommarskule i Os for elevar frå 5. til 7. trinn. Sjå video frå fjorårets sommarskule her.

Forskerfabrikken er ein sosial entreprenør innan naturvitskap som bidreg til å motivera born og unge til å interessere seg for vitskap og teknikk. Målet er at det skal bli like naturleg for born å driva med forsking på fritida som med andre aktivitetar.

– Espira har ei samarbeidsavtale der målet på sikt er at alle Espiras barnehager skal bli Forskerfabrikk-barnehager.

– Vil stimulera borna sin naturlege nysgjerrigheit

For barnehagetilsette som tar kurs hos Forskerfabrikken vil dei læra seg 20 ulike aktivitetar for vår/sommar og 20 til haust/vinter aktiviteter.

– Vi vil få ein del utstyr tilsendt, blant anna mikroskop, reagensrøyr, pipetter, frakkar og briller. Det skal etablerast eit laboratorium der borna kan forska saman med vaksne inne i barnehagen.

Forsøka kan gjerast inne i laboratoriet, men også ute medan borna er på tur.

– Målet er at borna skal stimulera sin naturlege nysgjerrigheit i organiserte former. Det er godt dokumentert at denne måten å jobba på stimulerer både forståinga for naturvitskaplege fag, og ikkje minst er gunstig for språkutviklinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.