– Blir fjerna i juni
Ein stor båt som har lagt i Tellevika sidan hausten 2011 (!) vekker framleis harme hos folk som bruker fjøra.
I november 2011 og i januar 2012 blei Midtsiden kontakta av turgåarar som spurde om ikkje nokon ville fjerna den store plastsnekka som ligg i vika.
Les òg: Skjergardsidyll?
– Eg har prøvd alt, frå slep og oppkapping til å setja fyr på den, fortel mannen som har fått pålegg om å fjerna den.
Årsaka til at den ligg i fjøra er havari under ein storm hausten 2011.
– Først brukte vi mykje tid og krefter på å legga den til rette for slep med båt, men då vi kom med slepebåt hadde nokon løfta den opp igjen i fjøra.
– Så prøvde eg å kappa den opp, men då klagde naboane på støy frå motorsaga, seier mannen som har fått pålegg om å fjerna båten.
Han seier han vil gjera nye forsøk på å kappa den opp og har blitt einig med Os kommune om frist til ut juni med å få det som er igjen av båten fjerna.