Kultur | 14. feb. 2019

Blir det stagediving på Osfest?

Dei spektakulære svenskane i Smash Into Pieces blir siste band på scenen før Stage Dolls.

Blir det stagediving på Osfest?
Smash Into Pieces kjem til Osfest 2019. Dei speler nest sist på fredagen. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 14. feb. 2019 10:00

I dag slepp Osfest band nummer 8 av 10 til årets festival (sjå liste nedst i artikkelen).

«Eit av verdas beste liveband» skriv Osfest i pressemeldinga.

Med 4 album, 11 singlar og 50 millionar avspelingar på Spotify er Smash Into Pieces er eit av dei raskast veksande alternative rockebanda i Skandinavia.

Bandet fra Örebro er kjent for spektakulære liveshow med stagediving og parkour-moves, utført av maskot og grunnleggar The Apocalypse DJ.

Låtane deira er ei blanding av melodisk house-musikk og hardrock.

Internasjonal suksess

Smash Into Pieces har dei siste åra tatt det internasjonale publikummet med storm. Deira siste album «Evolver», som ble sleppt i oktober 2018, nådde 6 millioner strøymingar etter berre 3 månadar.

Bandet hadde meir enn 80 liveshow i 17 ulike land med denne plata, blant anna i USA, Canada, Tyskland og England.

I 2019 skal bandet på turné i Skandinavia, før dei skal dei skal vidare til USA for å turnera med Within Temptation og In Flames.

Smash Into Pieces er nest siste band på scenen fredag 9. august under Osfest.

Programmet ser no sånn ut:

Fredag
Vivillain
Sipher
Sondre Justad
Smash Into Pieces
Stage Dolls

Laurdag
TBA (to be announced)
TBA
Admiral P.
Violet Road
The Untouchabl(u)es

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.