Bles liv i gamal tradisjon
I år blir det god gamaldags 17. maistemning på Mobergsneset når Osøren Jazzensamble med Tone Linn Mjånes igjen spelar opp.
Fram til byggjinga av Oseana kunst- og kultursenter var det ein tradisjon å samlast på kafeen på Mobergsneset til mat, musikk og dans på ettermiddagen 17. mai.
- Å ta opp att tradisjonen med arrangement på ettermiddagen 17. mai var noko av det første eg fekk tips om då eg byrja her ute, seier arrangementssjef Berit Steen.
- Difor er eg glad for at Osøren Jazzensemble og Tone Linn Mjånes vil vera med å skapa den same gode stemninga som dei gjorde i "gamle dagar".
- Eg håpar Oseana skal bli ein naturleg arena å samlast på på ettermiddagen 17. mai etter at ein er ferdig med dei faste postane og har fått kvilt seg litt.
- Her blir det rømmegraut og spekemat, pølser og is, reker og blåskjell og moglegheiten til å roa ned med gode vener, reklamerar arrangementssjefen.
Håpar på godt vêr
Geir Mildestveit i Osøren Jazzensemble fortel at tradisjonen med ettermiddagskonsert i vikjo 17. mai strekk seg langt tilbake i tid.
- Vi har vel spelt der ute i 11-12 år, fram til ein reiv den gamle kafeen.
- Det er veldig kjekt at Oseana har lyst til å vera med på å ta oppatt tradisjonen. Den var jo godt innarbeid med mykje folk, seier Mildestveit.
Medan Oseana blei bygd spelte Osøren Jazzensemble ombord i Midthordaland medan den låg til kai ved gjestebrygga. I år er dei tilbake på neset, nærare bestemt på terrassen framfor Oseana.
- Om det blir dårleg vêr flytter vi berre inn i foajeen, men eg håpar jo at vi har vêrgudane med oss, slik at vi kan ha Bjørnefjorden og fjella på hi sio som ramme.
For heile familien
Arrangementet er gratis for alle. Saman med seg har jazzensemblet fått, nær sagt tradisjonen tru, Tone Linn Mjånes som vokalist.
- Det blir gladjazz for heile familien, lovar Mildestveit.
- Plassen er som skapt for eit familiearrangement som dette. Akkurat som i gamle dagar kan ungane springe rundt og leika.
Konserten blir ein forsmak til Osøren Jazz og Bluesfestival då jazzensemblet og Tone Linn skal spela i Oselvarverkstaden på laurdag 30. juni.