Blei tatt med stolen mobil
Politiet tysdag: Eggkasting på buss, trafikkuhell, stolen båt, stolen mobiltelefon, rask Toyota og brann i bustad.
Tysdag fekk politiet melding om eggkasting på buss.
– Dette skal ha skjedd i 19-tida måndag, ved Kuven stasjon, om lag der vi dei siste vekene har fått melding om både steinkasting og skyting med luftvåpen på buss, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.
– Vi er interessert i tips i saka og ber samtidig foreldre i område å halda eit auge med kva ungane gjer på når dei er ute om kveldane.
Stal mobil - blei tatt
Tysdag i 16.30-tida blei det meldt om tjuveri av ein mobiltelefon.
– Vedkomande som sakna telefonen sin var ein tilsett ved Uno X.
– Vi hadde nokre mistenkte, to kjenningar av politiet som hadde vore innom kiosken, og då vi møtte dei hadde ein av dei telefonen i lomma.
Mannen, som er i slutten av 20-åra, er meldt for forholdet.
Yamarin stolen i Strøno
I går meldte ein båteigar om tjuveri frå Nordstrøno.
– Han sakna båten sin, ein Yamarin 4220 med 15 hk Yamaha påhengsmotor.
Båten har registreringsnummer RBY 465 og blei stolen ein gong i desember. Politiet er interessert i tips.
Branntillaup i Vågshaugen
I 3-tida natt til onsdag rykte brannvesenet ut til branntillaup i ein bustad i Vågshaugen.
Ein eldre mann hadde hatt eit uhell då han skulle fyra i omnen, men brann blei avverga.
Påkjørsel bakfrå
Ein bil kjørte i ein annan på Byvegen på Søfteland litt før klokka 9.50 i går.
– Meldar fortel at bilen bak låg tett oppi, og at då vedkomande bremsa klarte ikkje bilen bak å stoppa før det var for seint.
Ingen blei skadd i uhellet.
Toyota med turbo?
Litt før klokka 19.30 tysdag kveld fekk politiet melding om grisekjøring på Søfteland, retning Os.
– Ein bilførar i ein raud Toyota skal ha kjørt svært fort og tatt fleire farlege forbikjøringar, blant anna skal vedkomande ha kjørt forbi eit vogntog i ein sving.
– Patruljen var ute og såg etter bilen, men fann han ikkje.
Grus og grums
På morgonen tysdag fekk politiet klage frå Skyss, som fortel om mykje grus og stein på fylkesvegen forbi knuseverket i Ådnadalen.
Det er førebels ikkje gjort nokre tiltak.
Midt på dagen fekk politiet melding om eit stort gul-grønt flak i sjøen i Mobergsvika. Der var brannvesenet på synfaring.