Blei rørt av eige kor
VIDEO: Dirigent Stine Kobbeltvedt lo då ho opna gåva. Så kom avslutningslåta – og tårene.
Torsdag hadde det lokale koret Fonos sin årlege julekonsert, deira andre i Oseana, deira femte med Stine Kobbeltvedt som dirigent.
– Eg hadde aldri trudd at eit kor skulle koma til ein rockevokalist og be om å bli dirigert, fortel det tidlegare Furia-medlemmet om overtakinga av det den gong to år gamle koret.
– Samtidig passa oppdraget perfekt. Eg hadde akkurat flytta heim og som nybakt mamma ønskte eg å gjera noko nytt og anna innan musikk. Eg har naturlegvis lært masse av pappa (Norvald), men eg har også fått inn noko grunnleggande frå musikklinje på gymnaset.
Ho seier det har vore nokre lærerike og kjekke år og etter konserten var det ikkje blomar kormedlemmane serverte.
– Det var utruleg kjekt og vittig å opna pakken. Vi har lenge snakka om at vi burde hatt oss nokre like klede og eg har spøkt med at vi skulle fått sånne jakkar som dei hadde i filmen Grease. Og så har dei jaggu klart å få tak i ei baseballjakke til meg.
Debutantar, babyar og tårer
Gåva blei etterfølgt av avslutningsnummeret, «Deilig er jorden», med nydeleg solo av ein debutant i koret, forfattar og forleggar Fredrik Schmidt-Fotland.
– Vi droppa Deilig er jorden på éin konsert. Det trur eg ikkje vi kan gjera fleire gongar, eg fekk nesten kjeft av publikum etterpå, fortalte Stine før dei starta på låta.
På tampen av songen måtte ho tørka tårer før ho kunne takka publikum for kvelden.
– Sjølv om det var full sal så føler eg det blir så intimt. Publikum bidrar på ein veldig fin måte, dei gjev så god respons, synest dirigenten.
Fonos har ikkje berre selt ut Oseanasalen i rekordfart tre konsertar på rad, jula i fjor, sommaren i år og årets julekonsert, dei har auka i storleik. Fleire song solo torsdag, også nokre av dei nye medlemmane, som Jan-Ove Hansen, Tiril Petersen og Fredrik Schmidt-Fotland.
– Eg blei imponert over Tirill, som blei mor for litt over to veker sidan, og knapt har gått glipp av ei øving. Du har lite pust å synga med når du er gravid, og så kjem ho rett her og syng solo så kort tid etter fødselen.
Schmidt-Fotland følgte opp dirigenten sin skryt av Tirill med å nemna at han faktisk blei far for seks veker sidan, men at han føler seg heilt pigg og fin. Han hausta godt med latter i salen før han rørte dirigenten til tårer.
Bandet: Trond Foss (gitar), Arne Hernes (bass), Knut Vidar Garlid (tangentar), Ken Williams (trommer), Hallvard Lyssand (trompet) og Paul Valle og Kjersti Garlid (trombone).
VIDEO: Sjå knappe fem minutt av den halvannan time lange julekonserten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)