Lokal | 23. sep. 2013

Blei pressa til å stoppa

Bilførar nekta å stoppa og prøvde seg på ein u-sving, men då fekk han politibilen inn i sida.

Blei pressa til å stoppa
Bilførar tok ein u-sving, truleg for å stikka av frå politiet, men blei fysisk pressa til å stoppa. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 23. sep. 2013 18:57

Måndag kveld fekk Midtsiden tips om ein politiaksjon på Byvegen på Hetleflåten,der politiet hadde kjørt rett i ein bil i det den tok ein u-sving.

– Eg la merke til at trafikken gjekk veldig opp og ned i fart, frå 80 til 30 km/t og opp igjen i 80, fortel eit vitne.

Ved Skogen på Hetleflåten tok bilførar, med politiet i hælane, ein u-sving, men fekk politiet i sida.

– Mistenkt for promille

Årsaka til at politiet gjennomførte det dei kallar "tvangsmessig stans" av bilen er at bilførar nekta å stoppa.

– Førar var mistekt for promille, men stoppa ikkje på signal, fortel politibetjent Thorvald August Bye.

– Vi planla ein tvangsmessig stans av bilen og slo til då førar tok u-sving.

Busett i Os

Politiet vil førebels ikkje seia noko om kjønn eller alder på bilførar, men seier vedkomande var åleine i bilen.

Bilen er registrert på ein innbyggar i Os.

Minst tre av hjula på bilen ser ut til å vera ute av posisjon etter samanstøyten med politibilen.

Bilenhar også ein mindre bulk i sida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.