Blei påkjørt av utanlandsk lastebil
Politiet fortel om promillekjøring og funn av hasj tysdag, og om ei møteulykke med kommunikasjonsproblem.
Tysdag i 17.30-tida var det ei mindre trafikkulykke i Drangsvegen.
– Ein bil stoppa for ein lastebil, men då lastebilen passerte var han borti bilen som sto i ro, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Lastebilen, som har utanlandske skilt, stoppa, og ut kom ein mann som snakka polsk.
– Han kunne ikkje engelsk, og blei ståande ei stund å prata polsk før han sette seg i lastebilen og kjørte.
– No blir det dialog mellom bileigar og forsikringsselskap, så får vi sjå om vi må oppretta sak på det eller om dei klarer å løysa saka på eigahand.
Mistenkt for kjøring i rus
I 18-tida i går blei ein mann i 20-åra stoppa, mistenkt for promillekjøring.
– Vi tok beslag i førarkortet og fekk tatt utvida blodprøve, då vedkomande er mistenkt for å vera påverka også av andre ting enn alkohol.
Kunst-seljar ville inn
Frå Kuhnlevegen fekk politiet i går melding om ein pågåande seljar.
– Det var ein utanlandsk, engelsktalande og mørkhuda mann som sa han selte kunst, og som skal ha vore veldig ivrig etter å få koma inn i huset.
– Utanlandske dørseljarar har blitt nesten daglegdags i Os. Vi oppmodar folk om å vera varsame, spesielt med å ta dei inn i huset, og er glad for tips.
Fann hasj
Tysdag var politiet på ransaking i eit husvære i Os.
– Vi fann litt hasj i huset, fortel Hadler-Olsen.
Måtte mekla
På dagtid tysdag blei politiet kontakta grunna ein liten konflikt i ein bustad.
– Eit par som har gått frå kvarandre var ueinige då ein av dei kom tilbake for å henta nokre gjenstandar.
– Vi rykte ut og mekla litt. Det var ingen dramatikk.