Blei overraska med ærestittel
Nina Solvår Sælen blei tatt heilt på senga då Os Røde Kors utnemde ho til æresmedlem. Berre fire andre har fått den utmerkinga tidlegare.
Laurdag 11. april feira Os Røde Kors 60-års jubileum for Hjelpekorpset. Besøkstjenesten er 35 år, Lokalforeningen 31 år, Åpne Grenser 15 år, Beredskapsvakten 5 år og BARK 2 år.
Med på feiringa var lokalforeiningsleiar Nina Solvår Sælen, som har vore med i Røde Kors sidan 1995.
Ho forstå ikkje kva som var på gang då ho brått blei bedt opp på scenen. Der fekk ho motta ei utmerking for sitt gode arbeid i organisasjonen av leiar for distriktsstyret i Hordaland Røde Kors, Arne Sørby.
– Det kom som lyn frå klar himmel, eg hadde ikkje tenkt tanken ein gong, fortel Nina til Midtsiden.
I Os Røde Kors si 60 år lange historie er det berre fire andre som er blitt utnemd til æresmedlem.
– Det var veldig gledeleg og stort for meg, men eg må seia at eg hadde ikkje fått til det eg har utan resten av medlemmene.
Laga samlingsstad for innvandrarkvinner
For Nina starta det med at ho meldte seg på eit grunnkurs i førstehjelp hos Røde Kors. Ho blei engasjert og tok resten av kursa ho trengte for å gå inn i Hjelpekorpset. Der har ho blitt verande.
I 2013 var ho med å starta opp BARK, som er Barnas Røde Kors, og i 2000 tok ho initiativ til å starta opp Åpne Grenser, Noregs første kvinnenettverk for innvandrarkvinner innan Røde Kors. Ho har vore leiar for Åpne Grenser sidan starten.
– Ideen til Åpne Grenser fekk eg fordi eg såg, gjennom mitt arbeid som lærar på Os Vaksenopplærering, at våre nye landsmenn, spesielt kvinner, ikkje hadde noko nettverk.
Nina byrja då å tenkja ut kva ho kunne få dei med i, og grunna ulike kulturar og bakgrunnar så var det ikkje så enkelt.
– Då tenkte eg at kanskje eg kunne oppretta ein ny avdeling i Røde Kors, og det fekk eg lov til.
Etter månadar med førebuing så starta Åpne Grenser opp i mars 2000 og på opningsdagen kom det 15 kvinner frå 7 ulike land.
– I løpet av desse 15 åra så har det vore til saman 142 kvinner frå 42 ulike land innom, det har vore eit populært tilbod og ein god møtestad.
Utvida tilbodet
Målet med tiltaket er å integrera, gjera dei kjent med kommunen og å prøve å få dei med i dei andre tiltaka.
– Det har vi fått til, nokre av leiarane i BARK er kvinner som var med då vi starta Åpne Grenser.
Åpne Grenser er ein møteplass der dei finn på ulike aktivitetar. Dei syr, baker, reiser på turar, har internasjonale festar og nasjonale festar og dei har vore på Galdhøgpiggen.
– Nokre gongar har dei berre behov for å snakke, så då blir det pratekveld.
Førre veke utvida dei tilbodet til å gjelda familiar, menn og born.
– Det er fordi tidene endrar seg, blant anna har ein god del av kvinnene som var med når vi starta no fått mann og born.
– Vi skal ikkje laga ein møteplass berre for innvandrarar, målet er å integrera dei med resten av samfunnet.
Fekk omsorgsmedalje
Det var ikkje berre Nina som blei heidra på jubileumsfesten laurdag.
Anne Lise Sævdal blei også tildelt Hordaland Røde Kors sin omsorgsmedalje.
Anne Lise har, som Nina, vore med i Helpekorpset sidan 1995 og har vore med i Åpne Grenser sidan 2001 der ho er ein av leiarane.
I tillegg er Anne Lise styremedlem i lokalstyret og med i Besøkstjenesten og BARK og er ei av dei som alltid stiller opp og gjer ein god jobb i dei ulike avdelingane.