Lokal | 02. apr. 2016
Blei innhenta av lovens lange arm
17-åringen forsøkte å stikka av frå politiet, men blei tatt.
Andris Hamrelaurdag 02. apr. 2016 09:44
Fredag observerte politiet ein lett motorsykkel utan registreringsnummer.
– Det var to personar på sykkelen. I staden for å stoppa prøvde dei å stikka av, men det lykkast dei ikkje med, fortel politibetjent Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor.
Dermed blei det beslaglagt førarkort på 17-åringen som køyrde sykkelen.
– Passasjeren er ikkje mistenkt for noko, seier Rastad.
Det var ikkje mistanke om rus.