Blei gul og kul på tre dagar
– Det har blitt nokre seine kveldar, men no gler vi oss, seier butikksjef Hilde Bjaanes Gjerde ein time før opning.
Etter at Coop-kjeda i april kjøpte rundt 450 ICA- og Rimi-butikkar blei det i Os siste opningsdag for Rimi fredag.
I dag opnar butikken som Coop Prix.
– Det er berre fire år sidan butikken var gjennom ei totalrenovering, men det er likevel ein del som er nytt, seier Gjerde.
Sjølv er ho ny som butikksjef, i vikariat for ei gravid Linda Veivåg.
Får hjelp av fadder
Dei reine Rimi-varene er ute av hyllene og erstatta av Coop sitt eige merke, X-tra.
– Juice er blant bestseljarane i X-tra, seier Øyvind Skogedal.
Skogedal er butikksjef på Coop Extra på AMFI Os, men har fått nokre fadderbutikkar og var blant anna nyleg med for å hjelpa til med tilsvarande omproflering på Tysnes.
Ommøblering og nytt bakeri
Mykje er som før i den nyeinnreidde butikken.
– Men fruktavdelinga er snudd litt på og frysen er flytta. Eg synest det ser meir ope og større ut no, seier Gjerde.
– Av anna som er nytt er bakervarene, vi får no brød og rundstykker frå eit anna bakeri enn vi gjorde som Rimi.