Blaut jul
Julaften blir blaut, men trøysta får vera at 1. juledag ikkje ser så ille ut.
Drøymer du om kvit jul må du reise andre plassar enn Os. Dei siste prognosane fra meterologane fortel om ein blaut julaften med mykje regn i morgontimene. Ein storm er på veg mot Vestlandet og kjem til å treffe kysten seint lille julaften/natt til julaften. Vi kjem til å gå delvis klar av den, men regnet slepp vi ikkje unna.
Fram til 11-tida juleaften kjem det til å regna opp mot 5 mm i timen. Trøysta er at det vil letta litt utpå dagen og dei som har tradisjon for å gå i kyrkja julaften kan i følgje varsla gjera det relativt tørrskodd, men hald på hatten.
Vi kjem til å ha liten til stiv kuling heile dagen.
Fin 1. dag
Om meterologane treff med sine spådommar får vi ein relativt fin 1. juledag. Knapt nok nedbør frå klokka 6 til 18 (0,7 mm i heile perioden), dels sol, men framleis godt med vind, no som liten kuling og frisk bris.
2. og 3. juledag kan vi oppleva at nedbøren kjem som snø, då temperaturen vil liggja rundt null grader.