Lokal | 06. des. 2013

BKK bruker dynamitt

1400 hus i Os blei utan straum i går. 150 står igjen, og for å løysa problemet må BKK Nett sprenga vekk eit tre (!).

BKK bruker dynamitt
Fleire tre velta over linjer og vegar i Os torsdag ettermiddag og kveld. Her i Langedalen. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. des. 2013 11:27

Torsdag ettermiddag blei Skeie, Skorvane, Strøno, Lysefjorden, Søfteland og delar av Os utan straum.

Til saman var over 1400, altså rundt 1/4 av husa i Os mørklagte.

– I 20.30-tida blei Strøno og Os kopla inn, i 23.30-tida fekk husa i Lysefjorden og på Søfteland straumen tilbake, seier kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin i BKK Nett.

– Men vi har framleis 150 som har vore utan straum sidan torsdag kveld.

Stort tre må sprengast vekk

Det er ytre del av Drange, Garvik, Balandsneset og Skåtøy som framleis er utan straum.

– Årsaka er eit tre som har velta over høgspenten som går langs Drangsvegen.

– Treet er så stort at vi må sprenga det vekk, seier Tuvin.

Ei spesialgrupper er på veg for å sprenga rota og fjerna treet, for så å reparera skadene på linja.

– Det er uvisst kor tid dette skjer, men vi jobbar med saka.

Det er også uvisst om bussen som i dag sperra Drangsvegen har stått i vegen for BKK.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.