Lokal | 20. juni 2018

Bjørnafjorden inspirerer?

No er det bestemt kva reklamebyrå som skal laga profil til den komande kommunen.

Bjørnafjorden inspirerer?
Fusa sett frå Møsnuken i Os. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. juni 2018 10:11

I kommunestyremøtet tysdag kveld orienterte rådmann Christian F. Fotland om status i arbeidet med samanslåinga av Os og Fusa.

Forslag til nytt organisasjonskart ligg ute, i sakspapira til møtet i fellesnemnda måndag, ei innstilling som blant anna inkluderer å flytta kultueininga inn under samfunsutvikling. Dette etter anbefaling frå Fusa, som allereie har organisert seg på den måten.

Oselvar i kommunevåpenet

– Det har òg kome fine idear frå 6. klassingane som har teikna forslag til kommunevåpen. No skal kunstnarar jobba vidare med å forma denne i tråd med retningslinjer for godkjente kommunevåpen, og vi ønskjer at dei skal bruka oselvaren som hovudelement, men òg med fjord.

• Sjå forslaga: Elevane leverte kommunevåpen-utstilling til biblioteket

– Nytt kommunevåpen skal vera klart i september 2019, sa Fotland.

Oktan fekk profiljobben

Jobben med profil- og identitet, tilsvarande Os inspirerer-prosjektet som oslobyrået Grey i si tid gjorde for Os kommune, har vore ute på anbod.

Det er sett av 1 million kroner til oppdraget.

Oppgåvene:
• Merkevareplattform, visjon, misjon, verdigrunnlag, «slagord»
• Grafisk profil for ny kommune

I vår inviterte kommunane fem ulike reklame- og kommunikasjonsbyrå til å presentere korleis dei tenker vi bør jobbe med merkevare- og kulturbygging for Bjørnafjorden kommune. Etter den innleiande runden, leverte tre av byråa eit tilbod og løysingsforslag for oppdraget.

Picapoint, MK Bergen og Oktan Bergen leverte tilbod, som alle oppfylte kvalifikasjonskrava. Prosjektgruppa for profil- og identitetsarbeid, som består av ordførarar og rådmenn i begge kommunane, næringssjef og kommunikasjonsrådgivar i Os kommune, vurderte tilboda på løysingsforslag, referansar, personell og arbeidsprosess.

Etter ei heilskapleg vurdering, valde prosjektgruppa Oktan Bergen som samarbeidspartnar i profil- og identitetsarbeidet for Bjørnafjorden kommune.

– Oktan hadde eit kort og ryddig løysingsforslag, og ein svært godt skildra framdriftsplan og prosjektoversikt. Dei har gode referansar frå liknande oppdrag og eit godt og erfarent team.

– Vi føler oss trygge på at Oktan vil vere ein god samarbeidspartnar og gler oss veldig til å kome i gang, seier prosjektansvarleg og næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.