Lokal | 17. feb. 2016

Bjørke fekk sjå behovet for ny fylkesveg

Åsen - Helleskaret: Senterpartiet i Os tok i dag leiar for samferdsleutvalet i Hordaland, Nils T. Bjørke, på omvising i Lysefjorden.

Bjørke fekk sjå behovet for ny fylkesveg
Nils T. Bjørke (t.v.) fekk orientering av partikameratane i Os, Eivind Moberg og Einar Vevatne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. feb. 2016 12:15

Bildeserie:

Ny fylkesveg vil gje folk frå Drange og Hellebakkane god tilkomst til ny E39.
Ny fylkesveg vil gje folk frå Drange og Hellebakkane god tilkomst til ny E39.
Vegen vil òg frigjera store bustad- og næringsareal. (Google Map/SVV)
Vegen vil òg frigjera store bustad- og næringsareal. (Google Map/SVV)
Avkøyrsle mot Edne t.v., rundkøyring mot Drange, Ulven og Helleskaret t.h.
Avkøyrsle mot Edne t.v., rundkøyring mot Drange, Ulven og Helleskaret t.h.
Politikarane og journalistane reiste i samla tropp mot Lysefjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Politikarane og journalistane reiste i samla tropp mot Lysefjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Espen Framhus (t.h.) tok oss på omvising i Endelausmarka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Espen Framhus (t.h.) tok oss på omvising i Endelausmarka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tunnel mot Svegatjørn kjem til høgre i bildet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tunnel mot Svegatjørn kjem til høgre i bildet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bak knausen til venstre kjem 9 km med tunell til Rådal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bak knausen til venstre kjem 9 km med tunell til Rådal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7

– Eivind Moberg har vore opptatt av denne vegen lenge, har eg inntrykk av. Han byrja å snakka med meg om vegen lenge før eg blei valt inn, fortel Nils Bjørke (Sp).

Leiar i Os Sp, Eivind Moberg, tok saman med vara til styret, Einar Vevatne, den rimeleg ferske leiaren for utval for miljø og samferdsle med på omvising i Lysefjorden og Endelausmarka i dag.

Dei ville visa behovet for at den planlagte fylkesvegen blir bygd parallelt med E39 Svegatjørn - Rådal.

Les òg: – Ser dårleg ut med avklaring

– Vegen er viktig av fleire årsaker. For det første har innbyggarane på Drange, i Hellebakkane og resten av lysefjordingane dårlege vegar frå før. For det andre vil den nye fylkesvegen frigjera nye, gode bustad- og næringsområde med veldig god tilknyting til ny Endelausmarka og E39, seier Eivind Moberg.

– Denne fylkesvegen låg opprinneleg inne i prosjektet, og då den blei tatt ut i samband med prisauke og ny bompengesøknad, var det heile tida med intensjon at det skulle kjempast om å få fylket til å finansiera den. All fornuft seier dessutan at den bør byggast mens arbeidet med E39 pågår.

Fersk og erfaren

Etter valet hausten 2015 overtok Bjørke rolla som osingen Gustav Bahus (Frp) har hatt dei siste periodane. Bahus er framleis med i utvalet, men no er det vossingen som er leiar.

– Eg var heilt blank innan samferdslepolitikk då eg blei valt inn, for meg har det handla mest om næringslivpolitikk til no, seier Bjørke.

– Med bakgrunn som leiar for bondelaget har eg likevel mykje erfaring frå vegane i Hordaland, på veg til møte etter møte med ulike lokallag.

– Korleis har dei første månadane som samferdsleleiar vore?

– Det har vore interessant. Samferdsle er noko som engasjerer veldig mange, og det ser ut som om dei fleste kommunane har sterke ønske og behov.

– Det er mange store prosjekt i Hordaland for tida. Eg meiner det er viktig at vi òg ser på dei små. Ofte er det lite som skal til for å gje trafikantane betre forhold.

Os har allereie fått mykje

Med avgang frå Essoen mot Lysefjorden via Moberg og Svegatjørn fekk Bjørke sjå både bygginga av OHARA og arbeidet med E39 ved Svegatjørn.

– Det er litt synd at ikkje Frp og Høyre fekk ordna dette med fylkesvegen mens dei var i posisjon. Det er mange gode prosjekt i Hordaland som kjempar om midlane, og Os er ikkje akkurat den kommunen som har fått minst dei siste åra.

– Samtidig må vi sjå det i samanheng med historikken, kva som er logisk og fornuftig. At vegen allereie er regulert, og i utgangspunktet er del av det pågåande prosjektet, er viktige faktorar.

To alternativ

Vegvesenet hadde i utgangspunktet håpa på vedtakt før jul for å rekka planlegging og bygging av fylkesvegenen mens maskinene er i området.

I desember fekk Midtsiden opplyst at saka skal leggast fram for fylkestinget i mars eller juni.

Eit alternativ til å løyva pengar no, er at det blir brukt pengar frå E39-potten no, for seinare finansiering frå fylkeskommunen rundt ferdig veg 2022-2023.

– Dette har vore gjort fleire plassar før, med ulike formar for forskottering, ikkje minst i Fusa. Vi må få oversikt over kor mange tidlegare gjennomførte prosjekt vi skal betala på i åra som kjem før vi eventuelt legg opp til nye.

Lysefjorden rundt – med avstikkar til Endelausmarka

Dagens omvising gjekk til Åsen, der Statens vegvesen ved avdelingsingeniør Espen Framhus køyrde oss på synfaring i Endelausmarka.

Bjørke fekk sjå vegen gjenom Åsen, forbi Lysekloster og frå Buena til kryssa til Hellebakkane og Drange.

Ny kalkyle er gjennomført

Ifølgje reguleringsplanen frå mai 2008 var 2005-prisen 25 millionar. I det siste er 40 millionar kroner nemnt som pris, men det er no tatt ny kalkyle.

– Denne er på veg frå oss til fylkeskommunen. Eg vil ikkje ut med summen i avisa før administrasjonen er klar med si innstilling til politikarane, seier Arne Eltvik frå Statens vegvesen.

Bru over Lyseklostervegen i Åsen, nytt kryss og 200 meter med veg inn på den førebels ikkje-finansierte fylkesvegen mot Helleskaret, er med i E39-finansieringa.

Resten av vegen er cirka 1300 meter lang og inneheld kryss med avkøyring mot Edne ved Lysekloster idrettspark og rundkøyring ved dagens kryss mot Drange, Hellebakkane og mot Søvikåsen på Ole Bulls veg.

– Om den nye fylkesvegen blir bygd så er det førebels ikkje bestemt kva den skal heita, namnet er opp til kommunen å finna, eller kva fylkesvegnummer den får. Det er heller ikkje bestemt om Lyseklostervegen skal halda fram med å vera fylkesveg, eller om den skal nedgraderast og bli kommunal veg, opplyser Eltvik.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.