Bjerkrheimjazz til Os
Helga 15. - 17. april går ein ny Bjerkrheimjazz av stabelen. Denne gong i Os kyrkje og Bergen Domkirke.
Bjerkrheimjazz er swingande musikk, komponert og arrangert av Olav Arne Steinkopf, til tekstar av den kjente og kjære salmediktaren Trygve Bjerkrheim. Mange har eit forhold til salmane hans, mellom andre «Det er makt i de foldede hender», «Han tek ikkje glansen av livet»
Som avslutning på arrangementet vert det halde konsert i Os kyrkje søndag 17. april.
Felleskor
Eit stort prosjektkor samansett av unge og vaksne songarar frå heile Bjørgvin bispedømme skal framføre Bjerkrheimjazz. Aldersspennet er frå 12 til 75 år.
Medverkande er 50 vaksne koristar frå Bjørgvin kirkesangforbund, frå Førde i Sogn og Fjordane i nord til Os i sør: Førde kyrkjekor, Cantus frå Fjaler, Prima Vista frå Åsane kirke, Øygardskoret, Kyriakè frå Os kyrkje, Birkeland kantori og koret Kilden frå Vaksdal.
I tillegg til desse er det 40 koristar frå Ung kirkesang: Korskulen i Førde kyrkje, Førde ungdomskor, Dale barnekor, Dale ungdomskor, Korskulen i Vaksdal kyrkje, Accord og Magnificat frå Åsane kirke, Ullensvang ungdomskor og Sveio barnekor.
Dyktige musikarar
BjerkrheimJazz blei først framført på Vossajazzen i 2011 med to fulle hus. Medverkande var eit kor på 70 songarar og eit band med mellom andre Frøydis Grorud (kjend frå Beat for beat). Dirigent var kantor Tone Synnøve Øygard Steinkopf.
Under Bjerkrheimjazz i år er dirigenten den same som i 2011, og Grorud held fram på saksofon. På kontrabass finn ein Magne Tormodsæther, trommer Sigurd Øygard Steinkopf, og solo står Ole Strøm for.
Orkestareleiar er komponist Olav Arne Steinkopf, og produsent er Gro Anthun.