Fotball | 03. mars 2011

Bjarg, Fana, Futsal og Køben

Både laurdag og onsdag kan du sjå Os i aksjon på heimebane. Så ventar Futsal-turnering i Oshallen og treningsleir i København.

Bjarg, Fana, Futsal og Køben
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mars 2011 10:10

Etter tre treningskampar (1-0 over Åsane, 0-3-tap for Tertnes og 1-1 mot Nordhordland) er Os klare for to heimekampar på rad.

- Det nærmar seg seriestart no, så det skal bli spennande tider framover, seier hovudtrenar Øyvind Steffesen.

Laurdag klokka 16 speler Os mot Bjarg på Kuventræ, onsdag klokka 19 tar Os imot Fana.

- Eg er stolt av den gjengen eg har, dei legg ned ein fanastisk innsats på treningane og dei mest rutinerte er veldig flinke med alle dei unge talenta, synes Steffensen.

Futsal-turnering i Oshallen

Etter dei to treningskampane ventar turnering i Oshallen, fredag 11. mars frå klokka 20 og utover natta.

- Slike innandørsturneringer har vore populære den siste tida, no prøver vi å laga noko liknande i Oshallen.

Os Turn har invitert klubbar i Os og Bergen sør til å delta. Turneringa har plass til fire lag i kvar av dei fire puljene. Inntektene frå arrangementet er meint å plasserast i reisekassen til A-laget, som i slutten av mars reiser til Danmark på treningsleir.

Austevoll og langhelg i Køben

Helga etter Futsal-turneringa skal Os til Austevoll for å spela treningskamp. Så ventar treningsleir i København.

- Vi reiser om morgonen torsdag 31. mars og legg opp til to økter for dagen både torsdag og fredag. Laurdag blir det treningskamp.

A-stallen med trenarar, eit reisefølgje på drygt 20 mann, skal bu på eit anlegg som ligg cirka 15 minutt med bil frå den danske hovustaden. Om det blir ein eller to treningskampar, og kva klubbar dei skal møta, er førebels ikkje bestemt.

Os skal spela kvalifisering til cupen 6. april og 13. april.

Serien (3. div. avd. 7) startar for Os sin del med bortekamp mot Stord laurdag 9. april (kl 16), første heimekamp blir laurdag 16. april mot Sotra (kl 16).

SJÅ HEILE OPPSETTET

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.