Politi | 06. juli 2023
Bilførar tok kontakt etter uhell på Moberg
Politiet vil undersøka om varslinga var god nok.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. juli 2023 09:50
Onsdag morgon i 04.30-tida fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd inn i ein bom på E39 på Moberg.
Det var vasking i Liafjellstunnelen, derfor var denne delen av E39 stengt med bom.
Bilen køyrde vidare, og politiet visste ikkje kven bilførar var.
– I 11-tida i går tok bilførar kontakt. Han er ein mann i midten av 20-åra, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Sak er oppretta.
– I samband med saka vil vi sjå på tryggleiken rundt varsling av stenginga av Liafjellstunnelen, legg Lyssand til.
Det har vore uhell på Moberg i samband med stengt tunell før, blant anna to gongar i løpet av sommaren 2021.