Lokal | 04. feb. 2016

Bilbrann på Søfteland

Det brann i ein bil på Søfteland på morgonkvisten. Ein person vert behandla for lettere røykskadar.

Bilbrann på Søfteland
Bilbrann på Søfteland (Foto: Andris Hamre)
Cathrin Valestrandtorsdag 04. feb. 2016 08:36

Like etter klokka 8 i dag tidleg kom melding om brann i ein bil i Internatvegen på Søfteland. Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut.

I meldinga stod det at bilen stod nært ein bustad.

Ein person hadde fått i seg røyk og vart undersøkt av ambulansepersonell. Vedkommande vart teken med til kontroll hos vaktlege.

Klokka 08.20 melde politiet på twitter at brannen er sløkt og at den ikkje hadde spreidd seg. Den personen som melde om brannen hadde greidd å sløkkja sjølv med pulverapparat.

– Bileigar sløkte brannen sjølv ved hjelp av eit pulverapparat, slik at då vi kom fram var alt under kontroll, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.