Lokal | 26. okt. 2013

Bil av vegen

Ein Mercedes køyrde av vegen ved Rolls Royce. Politi og Falck på staden laurdag formiddag for å fjerna den.

Bil av vegen
Denne hamna utanfor vegen på Ulven natt til laurdag (lesarbilete)
Andris Hamrelaurdag 26. okt. 2013 11:57

I løpet av natta eller morgontimane laurdag har ein raud Mercedes køyr av vegen over Ulvensletta like ved Rolls Royce.

– Vi har ikkje fått melding om ulukka frå bilførar.

– Bilen har fått eindel skadar, så vi har rekvirert Falck som er der og hentar bilen no, fortel politibetjent Rune Fimreite.

To fekk muntleg pålegg

I 01-tida natt til laurdag gjennomførde patrulja ein trafikkontroll i Byvegen.

– Der blei 24 bilar kontrollert.

– To fekk muntleg pålegg i høve manglande lys.

– Tidlegare fredag blei ein annan bli avskilta på Søfteland grunna manglande EU-kontroll, seier Fimreite.

Kontrollerte skrapjernsamlarar

Fredag fekk politiet fleire meldingar om ein spanskregistrert grøn Ford Transit.

– Denne har vore på samla skrapmetall både på Søfteland ved Sælen, i Oshaugen og ved Solstrand.

– Patrulja kontrollerte dei to i bilen frå Romania. Dei hadde alle papira i orden, men det er ei sak litt i grenseland.

– Om dei har fått lov av eigaren av metallet å ta det med seg, så er det greitt, men om dei berre forskyner seg, så er det å sjå på som nasking.

– Er det nokon som saknar metall, så kan dei ta kontakt med oss, avsluttar politibetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.