Lokal | 20. feb. 2014

Betre signal i hamna

Kystverket var på monteringsoppdrag i Os hamn i dag.

Betre signal i hamna
OV "Utvær" og Kystverket var på besøk i Os hamn i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. feb. 2014 20:56

Bildeserie:

På plass for å montera nytt signallys. (Foto: KVB)
På plass for å montera nytt signallys. (Foto: KVB)
Har svanefar Hamnesjefen funne sin overmann?  (Foto: KVB)
Har svanefar Hamnesjefen funne sin overmann? (Foto: KVB)
– No blir innseglinga til Os tryggare, seier Lars Robbestad (t.v.)  (Foto: KVB)
– No blir innseglinga til Os tryggare, seier Lars Robbestad (t.v.) (Foto: KVB)
1 av 3

Det ruva litt i Os hamn i dag, Kystverket sitt knappe to år gamle multifunksjonelle fartøy OV "Utvær", som på ettermiddagen segla inn til moloen på Steinneset.

– Vi skal montera signallys ytst på moloen, fortel Lars Robbestad til Midtsiden.

Farleg å kutta svingen

– Det einaste lyset som er her frå før er dette, seier han, og peiker opp på den vesle lyktestolpen over enden av gangvegen på moloen.

– Om båtar kjem frå Fusa eller Hatvik mot Os, og kappar svingen her ved moloen, så er det nokre steinar her som kan vera skumle.

Kystverket var tidlegare i dag på tilsvarande oppdrag i Norheimsund.

– Dette er einaste montering i Os i denne runden, seier Robbestad.

Fakta om OV "Utvær"
Byggnr. 33 ved Fitjar Mekaniske Verksted AS
Døypt i august 2012
Lengde: 44 meter
Breidde: 12 meter
Fart: 14 knop
Kapasitet oljeoppsamling: 156 m³
Kapasitet kran: 2800 kg v/21,4 meter, 7000 kg/11,0 meter
Mannskap: 9 per skift, i 2 skift.
Les meir om OV Utvær på Kystverket.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.