Lokal | 27. aug. 2020

Betre karakterar i grunnskulen

Store forskjellar ut frå foreldre sitt utdanningsnivå - òg i gym.

Betre karakterar i grunnskulen
Nore Neset ungdomsskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 27. aug. 2020 06:58

Sjølv om auka i gjennomsnittleg standpunktkarakter er på berre 0,1, har det likevel ikkje vore ein liknande auke som frå 2018 til 2019, viser nye tal frå Statistisk Sentralbyrå.

Høgast standpunktkarakter finn vi i kroppsøving, kor gjennomsnittleg standpunktkarakter er 4,7.

Lågast snittkarakter finn vi i matematikk, skriv SSB.

Grunna regjeringa si beslutning om å avlyse eksamen i grunnskolen etter koronapandemien, har årets avgangselevar berre standpunktkarakterar på vitnemålet.

Snitt per fag dei siste åra. (SSB.no)
Snitt per fag dei siste åra. (SSB.no)

Størst forskjell mellom elevgrupper i matematikk

På gjennomsnittleg standpunktkarakter fordelt etter foreldrene sitt utdanningsnivå, kan vi sjå at alle elevgruppene har hatt ein auke i standpunktkaraktar innan engelsk skriftlig, engelsk muntlig, matematikk, norsk hovedmål og norsk sidemål.

I norsk muntlig har det berre vore ein auke blant elevar som har foreldre utan høgare utdanning.

Trass auken i standpunktkarakter innan matematikk, er det framleis store forskjellar mellom elevgruppene i samtlege fag. Mens elever med foreldre som berre har grunnskuleutdanning eller ingen fullført utdanning, har ein gjennomsnittleg standpunktkarakter på 3,0 i matematikk, er tilsvarende standpunktkarakter 4,5 blant elevar med foreldre med universitets- og høgskuleutdanning på meir enn fire år.

Til samanlikning er tilsvarande standpunktkarakterar 4,2 og 5,0 i faget kroppsøving, der skilnaden er minst.

Karakter etter foreldra sitt utdanningsnivå. (SSB.no)
Karakter etter foreldra sitt utdanningsnivå. (SSB.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.