Betaler unge jenter for å bli «adda» på Snap
Ber foreldre følgja med på innkomande Vipps, sjølv om beløpa er små.
Snapchat er mykje brukt til kommunikasjon mellom unge vaksne og ungdom, og politiet registrerer at denne plattforma i aukande grad, og med nye metodar, blir brukt til uærleg og ulovleg verksemd.
– Det vi har byrja å sjå ulike stadar i distriktet, også her i Os, er at unge jenter får betaling for å «adda» (lagt til som kontakt) menn på Snap. Mennene er i nokre tilfelle eldre enn dei først gir seg ut for å vera, og får tett kommunikasjon, og i nokre tilfelle også fysiske møte med jentene.
Første kontakt oppstår gjerne på appen Yubo, ein app der framande kan sjå chat og video i andre sine venegrupper. Les meir om Yubo på barnevakten.no.
Sender småbeløp via Vipps
Betaling skjer gjerne via Vipps. Har ikkje vedkomande Vipps, blir pengane sendt til ei venninne.
– Beløpa kan vera små i starten, 40-50 kroner for å bli adda, og så kan det koma større beløp seinare.
– Vi ber foreldre om å halda fram med å følgja med på telefonane til ungane deira, og kvar eventuelle innskot kjem frå. Det er ikkje sikkert at du skal slå deg til ro med ei forklaring om at dei har spleisa på ein pizza, sjå ut frå mobilnummeret kven det er som har sendt pengane.