Sport | 23. apr. 2016

– Beste kamp til no i år

Lysekloster har framleis ikkje tatt poeng i 2. divisjon, men har litt å gleda seg over etter dagens bortekamp mot Sola.

– Beste kamp til no i år
Espen Birkeland utlikna på frispark borte mot Sola i dag, men Lysekloster reiste heim utan poeng. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. apr. 2016 21:19

Laurdag spelte Lysekloster sin første kamp i Rogaland.

Kampen gjekk mot Sola, som landa på 5. plass i 2. divisjon i fjor, og som har starta årets serie med to uavgjorte (Frigg og Førde).

Sola - Lysekloster 2-1 (1-0)
Målskårar, Lysekloster: Espen Birkeland
Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Ola Sjømæling, Gojko Ivkovic, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen (Joakim Hjelmeland)- Espen Birkeland (Martin Eidsvik), Baste Jonassen, Hans-Christian Nysæther - Thomas Helland, Tommy Gaustad (Ken-Joar Føyen) og Christer Bergesen Olsen.

– Vi spelte veldig bra i store delar av kampen. Vi skaper sjansar og vi pressar, vi gjekk til pause med friskt mot i dag, seier trenar Thomas Sandal.

Espen Birkeland utlikna på frispark i andre omgang.

– Han løfta ballen over muren og rett i kryssen, det kan ikkje gjerast så mykje betre enn det, meiner Sandal.

Han ergrar seg samtidig over at det ikkje blei poeng i dag heller.

– Vi har nokre småting vi må bli betre på, men dette var eit kjempeløft frå førre runde og spelemessig det beste vi har gjort i år.

Tar imot Åsane på onsdag

Stord slo Fyllingsdalen 2-1, Fana slo Lørenskog 2-0 og Nest-Sotra slo Vard Haugesund 2-1 i dag.

Lysekloster tar imot Åsane frå OBOS-ligaen til andre runde i NM onsdag.

Neste laurdag er det heimekamp i serien, då mot Vålerenga 2.

TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.