Beste entreprenør på Vestlandet
Tor-André Skeie heidra i Bergen. Sport Outlet AS veks framleis med høg fart.
Gründer Tor-André Skeie, som i 2012 starta Sport Outlet AS saman med broren Jan Frode Skeie, og Sport Norge-medeigar Odd Arne Larsen, var blant åtte nominerte på Vestlandet til prisen EY sin gjeve pris; «Entrepreneur Of The Year».
• Sport Outlet er største selskap i Os
Entreprenørar i tre kategoriar blei sendt vidare til den landsdekkande finalen. Nominerte og juryar var i går samla på Quality Edvard Grieg på Sandsli. Der blei Skeie kåra til vinnar av ein av kategoriane.
– Det var ein prosess i forkant, med intervju og innsyn i årets tal, og konkurransen var hard, seier Tor-André til Midtsiden.
Skeie (44) spøkte med at han var skuffa for at han ikkje var nominert i kategorien «young» då han saman med kollegaene Stig Eilef Lund, Reidun Sæthre Elliot og Guri Fostervoll Sørås var på scenen og tok imot prisen.
Prisvinnarane i region vest er no vidare til nasjonal finale. Den nasjonale vinnaren representerer så Noreg på den internasjonale finalen i Monaco sommaren 2018. Dette er ei stor inspirasjonssamling for dei fremste vekstskaparane frå over 60 nasjonar.
Les meir om prisen nedst i artikkelen.
Utvider i «Lidl-lageret»
Sommaren 2016 flagga Skeie-brørne heim. Hovudkontor og lager for sport-selskapa blei plassert, som første leigetakar i det 36.000 kvadratmeter store NHP-lageret som Lidl-kjeda bygde for rundt 10 år sidan.
Det starta med leigekontrakt på rundt 10 prosent av bygget, men allereie før innflytting blei det klart at behovet for meir plass ville snart melda seg.
– Vi har rundt 3000 kvm lager saman med Sport Norge (tidlegare MX Sport) i dag. Om ei veke utvider vi med 1000 til, og vi er i gang med dei neste 1000 kvadratmeterane.
Stor vekst i 2017
Det største selskapet i Os veks frå 350 til over 500 millionar i omsetnad, frå 2016 til 2017!
Skeie-brørne og Larsen er grunderane og største aksjonær i fleire sport-selskap, der alt no er sortert under Invent Sport AS. Sport Outlet AS åleine vekst med 60 % i år og reknar med å landa på 520 millionar kroner i omsetnad i 2017.
– Vi opna ny butikk Kragerø i går. Før jul står Lillehammer, Drammen, Askøy og Åndalsnes for tur. Det kan bli fleire, seier Tor-André.
Før jul har kjeden minst 46 butikkar, 48 om vi tar med to eksterne avdelingar av eksisterande butikkar.
Varige verdiar og viktige arbeidsplassar
Det er rådgiving- og revisjonsselskapet EY (tidl. Ernst & Young) som gjennomfører den årlege kåringa i jakta på dei beste vekstskaparane i Noreg. I løpet av oktober er det seks regionale kåringar, dei 12 beste går til den nasjonale finalen i Oslo tysdag 28. november.
Frå region vest er det Andreas Oddvar Kamøy og Kristian Hauge Solheim frå Cutters i Bergen, Torstein Hønsi frå Highsoft i Vik i Sogn og Tor-André Skeie frå Sport Outlet i Os som er vidare.
– Vi ønskjer å framheva og inspirera personar som utstyrt med ein forretningsidé, satser kapital og karriere på å skapa varige verdiar og arbeidsplassar heile samfunnet har nytte av, seier Ina K. Rosenberg, lokalt ansvarleg for EY Entrepreneur Of The Year.
Dette seier EY om Sport Outlet: Tor-Andre Skeie startet Sport Outlet høsten 2012 sammen med broren og en annen. Selskapet, med mottoet «merkevarer til under halv pris», har hatt en eksplosiv økning i antall butikker og omsetning. På ca. fem år har vekstskaper etablert 44 butikker fra Mandal i sør til Kirkenes i nord, og det er ventet at kjeden vil runde 500 MNOK i omsetning i regnskapsåret 2017. Selskapet har i dag rundt 350 ansatte. I juni 2017 gjennomførte de en emisjon, og vekstskaper har nå en eierandel på 18 prosent. Emisjonen og den gode egenkapitalutviklingen har bidratt til å rigge selskapet for videre vekst.
Skeie er daglig leder i selskapet, og han har med sin entreprenørånd, engasjement og faglig ekspertise vist at det er mulig å lykkes i en moden bransje med sterk konkurranse. Gjennom godt lederskap har han skapt et selskap som volder hodebry for kjedegiganter som G-Max og XXL. Skeie er hardtarbeidende og målrettet; en typisk gründer med idéer og lidenskap for sitt fagfelt.
iSushi-eigar Roger Johannessen, som får det langt betre til andre stadar enn i Os, var blant dei nominerte. Les meir om alle på ey.no.
* For å kvalifisere for EY Entrepreneur Of The Year må vekstskaperens selskap ha minimum 20 ansatte, 20 mill. kr i omsetning og 20 prosent vekst siste to år. Lederne for åtte av disse selskapene er nominert til regionsfinalen i Vest, som omfatter Hordaland og Sogn og Fjordane.