Best i landet i sin klasse
Vinmonopolet Os er beste butikk av rundt 60 utsal i sin kategori. No blir det finale, gallamiddag og studietur til Italia.
I år er det 15 år sidan Os fekk eige vinmonopol. Frå 2001 til 2002 auka butikken frå grunn- til hovudsortiment, i 2004 blei butikken sjølvbetjent.
I dag er butikkane delt inn i sju kategoriar, etter storleik og vareutval, og det er nyleg kåra beste butikk i kvar kategori frå 2 til 7. Os har landets beste Vinmonopol i kategori 4.
– Vi har hatt god auke heile vegen og fått fleire fine utmerkingar. Men sjølv om vi har skåra høgt tidlegare år, er dette første gong vi har vunne vår kategori, seier butikksjef Ragnhild Skaathun Blindheim.
Dei to siste åra har ho vore fungerande butikksjef medan Terese Marie Håvik har vore vikar på Vinmonopolet på Lagunen.
Alderskontroll, omsetnad og kunnskap
Vinmonopolet sine butikkar blir kontrollerte fleire gongar i året, blant anna av «mystery shopper» som testar kundeservice og tilsvarande anonyme kundar som sjekkar om alderskontrollen er god.
– Alderskontroll er viktig, der har vi også skåra full pott. Her har vi kjørt eigne kampanjar med bilde av oss som jobbar her frå då vi nett var blitt gamle nok til å kjøpa alkohol, og vi deler ut kjærlighet på pinne til dei under 25 år som uoppfordra viser legitimasjon.
Omsetnad per arbeidstime og omlaup på varene er også faktorar som blir tatt med.
Vinmonopolet Os selte i fjor over 300.000 liter, omsette for 55 millionar kroner og gjekk med 2 millionar i overskot.
Like viktig er varekunnskap og service.
– Tre av oss som jobba her frå starten i 1999 jobbar her framleis, og vi har fått nye, flinke kollegaer, både fast tilsette og tre flinke ekstrahjelper.
– Fleire har tatt vidareutdanning i faget i tillegg til den obligatoriske opplæringa.
– Eg har jobba vidare på grunnlaget Einar og seinare Terese har lagt, men vi kunne ikkje klart dette utan engasjerte og flinke medarbeidarar i eit godt arbeidsmiljø, seier Blindheim.
Galla på Grand og fellestur til Italia
Premien for kåringa av best i sin kategori er valfri studietur for dei tilsette, innanfor ei viss kostnadsramme.
– Vi reiser sju kollegaer, pluss Terese som er på utlån til Lagunen. Turen går nok til Italia, der det blir daglege besøk på ulike vingardar.
Avreise blir til hausten. Før den tid, i slutten på april, skal gjengen med fast tilsette og ekstrahjelper til Oslo på gallamiddag på Grand Hotel.
I høve samlinga var det førre veke videoinnspeling av snutt til intern presentasjon på gallamiddagen. Då var det nokre humoristiske scenar utanfor Irisgården, blant anna med Turid Røttingen som gjekk utanfor og fanga inn kundar med tau.
På Grand er det også finale og sjanse til å bli kåra til årets butikk. Fire av dei seks kategori-vinnarane er frå Hordaland.
Desse seks er til finalen: Fosnavåg, Knarvik, Norheimsund, Åsane, Os og Alna/Oslo.