Best av dei norske
Sverre Lunde Pedersen gjekk seg inn til 5. plass på 1500 meter i VM enkeltdistanser i Sochi torsdag. Best av dei tre norske startande.
VM i enkeltdistanser på skeiser blir arrangert i den nye olympiahallen i russiske Sochi denne helga.
- Skøytehallen er veldig lys og flott, og det var fleire av oss som fekk assosiasjonar til til Vancouver 2010, fortalde landslagtrenar Jarle Pedersen til skeiseforbundet før meisterskapet tok til.
Pedersen rekna med før distansa torsdag at heile 10 løparar kunne vera med å kjempe om gullet på 1500 meter, deriblant Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen.
Sverre best
Sverre Lunde Pedersen gjekk i tiande par med polske Konrad Niedzwiedzki. Sverre vann paret med 1.47.44 og gjekk seg inn til 5. plass totalt. Best av dei norske utøverane.
- Sverre sitt løp står absolutt til godkjent, kommenterte NRK sin ekspertkommentator Håvard Vetten.
- Han gjekk eit teknisk bra løp, men litt for sakte heile vegen.
Mange av konkurrentane fekk det mot slutten av løpet, men Sverre sto distansa bra i følgje Vetten si analyse.
Håvard Bøkko hadde ein tyngre dag på jobben og kom inn til ein 11. plass med tida 1.48.24, Christoffer Fagerli Rukke enda på 24. og siste plass med tida 1.50.82. Vann gjorde russiske Denis Yuskov på 1.46.32