– Berre å roa ned
– Det er inga grunn til å stressa til by´n. Christine Hope kjem til Os, jublar arrangementssjef Berit Steen ved Oseana.
Laurdag 8. februar blir det latter og løye i Oseanasalen når Christine Hope kjem til Os med showet "Christine Hope - roer seg kraftig ned".
– Eg fekk ei melding frå ho i går på facebook der ho fortel at ho gler seg stort til å koma til Os. Det gjer vi òg, stråler Berit Steen når ho slepp ein liten førjulspresang frå Oseana.
Berre toppskår
Hope speler no ekstraframsyningar så det susar på Ole Bull scene i Bergen. Showet har fått ei fantastisk mottaking og har høsta lovord og høge skår på terningane.
"Av og til får jeg noe jeg kaller Monty Python-bakhode. Det er når jeg har ledd så mye og sammenhengende at muskulaturen øverst i nakken går i en slags lås. Dette skjedde under minst to av Christine Hopes numre under torsdagens premiere på «Christine Hope ... roer seg kraftig ned».", innleia Ingvild Bræin si vurdering av showet i BT då det hadde premiere i byrjinga av september.
Bookar seg inn
Tek ein med at Dagfinn Lyngbø seinare på våren set opp to show på Oseana, så er det duka for ein lattermild vår i kulturhuset.
– Både Dagfinn og Christine kom til oss og leigde seg inn, noko vi er særs glade for.
– Bak Christine si framsyning står Stageway, dei same som har Ylvis i stallen sin. Dei var jo her i fjor og må ha vore nøgd med huset og publikum.
– Showa med Dagfinn Lyngbø er utseld, så då er det kjekt å kunne presentere ein anna ny stor komikar frå Bergen som eit alternativ. Billettane er allereie i sal, så det er berre å vera om seg, avsluttar Steen med eit smil.