– Berre å gje gass
Gothia Cup: Os vidare til lokaloppgjer mot Stord i 32-delsfinalen etter 3-0 siger over Färgelanda.
Etter tap i gruppefinalen onsdag morgon, var Os Turn sine juniorar tilbake på vinnarsporet då dei slo Färgelanda IF 3-0 i 64-delsfinalen.
Mål av Emil Halver og Isak Røen (2) sikra sigeren.
– Det blei ein dramatisk kamp med to raude kort til Färgelanda.
– Båe kom som følgje av munnbruk, fortel Tore Kleppe som skryt av dommarstanden i turneringa.
– Dei held eit veldig høgt nivå.
"Gav" Os sigeren
Emil Halver skåra i 1. omgang og tok Os til pause i leiinga.
– Eg tykkjer vi hadde god kontroll på kampen etter at vi tok leiinga. VI hadde 10-12 cornarar, medan dei hadde ingen.
– Dei hadde rett nok eit skot i stolpen og kunne utligna, men klarte det ikkje, refererar Kleppe.
– Då dei satte opp midtstopparen sin på topp mot slutten opna dei samstundes opp forsvaret og Isak Røen kunne kontra inn to mål.
Stord spionerte
Motstandar i 32-delsfinalen blir naboane frå Stord.
– Det blir nok ein tøff kamp. Dei ligg på 2. plass i 1. divisjon heime og stiller med mange 94-modellar, noko vi ikkje gjer.
– Vi får berre gje gass, så får vi sjå korleis det går.
– Det er berre gode lag som er att i turneringa no, slår Tore Kleppe fast, før han legg til at Stord-trenaren hadde tatt turen for å spionera på morgondagens motstandar.