Lokal | 11. jan. 2016
Berre to ferjer går
Måndag blir det redusert kapasitet på E39 mellom Halhjem og Sandvikvåg.
Andris Hamremåndag 11. jan. 2016 09:06
I ei melding frå Fjord 1 kjem det fram at det måndag blir redusert kapasitet mellom Halhjem og Sandvikvåg på E39.
– Mandag 11/1, blir det i perioden mellom 09:00 og 15:00 bare 2 ferjer på dette sambandet, heiter det i meldinga frå Fjord 1.
Det kom ikkje fram i meldinga, eller på heimesida til Fjord 1, kva avganger som blir råka av den reduserte kapasiteten.
I ei oppdatert melding frå ferjeselskapet opplyser dei at følgjande avganger går ut.
Frå Halhjem: kl 10.30, 12.00 og 13.30.
Frå Sandvikvåg: kl 09.45, 11.15, 12.45, 14.15.