Lokal | 25. feb. 2010

Bergensar (33) omkom

Mannen som omkom i trafikkulykka på Moberg er identifisert.

Bergensar (33) omkom
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2010 11:24

Måndag 22. februar klokka 14.45 kom meldinga om møteulykke mellom bil og buss ved bysida av Liafjellstunnellen. Verken bussen eller personbilen hadde passasjerar, men begge førarane blei skadd og mannen i personbilen sat fastklemt med alvorleg skade i hovudet.

Brannsjef Stein Gjøsund var første redningsmann på staden. Os brannvesen stilte med 12 mann som, etter at dei hadde brukt 6-7 minutt på å få føraren laus frå bilen, utførte førstehjelp medan dei venta på ambulanse.

Dødsulykke
Bussen hadde retning nord, personbilen retning sør, då dei støytte saman. Vegen var stengt utover ettermiddagen medan redning, og seinare etterforsking, fann stad.

Måndag kveld opplyste politiet at det var snakk om ei dødsulykke, men sidan den omkomne ikkje var identifisert gjekk dei ikkje ut med kjønn, alder eller annan info.

Fødd i 1976
Politiet på Os kan no stadfesta at det var Frode Fyllingen frå Bergen som omkom i ulykka.

Fyllingen fylte 33 år i fjor sommar.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.