Bergen med deponi-liste
Byrådet i Bergen jobbar med å fjerna hinder for E39 Svegatjørn - Rådal; deponering av dei enorme steinmassane.
I april blei det jubel på Vestlandet då prosjektet E30 Svegatjørn - Rådal endeleg låg inne i Nasjonal Transportplan.
Men bompengesøknaden for prosjektet er framleis ikkje sendt over til Stortinget for behandling, mangel på godkjent regulering for deponi til massene som kjem når dei lange, doble tunnelløpa skal drivast er årsaka.
No fortel Bergens Tidende at Byrådet i Bergen jobbar med ei liste over område der til saman 2,4 millionar kubikkmeter med stein kan deponerast.
Byråd Filip Rygg (KrF) seier til BT.no at arbeidet med desse reguleringsplanane er godt i gang, og at dei ikkje vil legga hindringar i vegen på utbygginga.
Prioriteringslista:
1. Hordnesskogen / Hordnesvegen
2.Gang- og sykkelveg langs Bjørgevegen samt friområde i Sælevatnet
3. Langeholmen ro- og padleanlegg
4. Skiparvika
5. Liavatnet
6. Sælevatnet
Les meir om kvart område på BT.no.