Sport | 30. jan. 2013

Berga eitt poeng

Strafferedning i sluttsekundet gjorde at Os redda eitt poeng i toppoppgjeret mot Viking 2. - Vi burde dratt sigeren i land, men slik kampen blei er vi nøgd, seier trenaren.

Berga eitt poeng
Isak Røen vakna i andre omgangen og blei toppskårar med seks mål (foto: Solveig Sønnøve Hamre)
Andris Hamreonsdag 30. jan. 2013 09:16

Seint tysdag kveld spelte handballherrene til Os sin første kamp sidan dei tapte for Norrøna 11. desember. Etter ei lang spillepause skulle ein tru at Os var klare for kamp, men det såg ikkje slik ut dei første minutta.

- Første omgangen var horribel framover på bana.

- Vi gjer ein rekke med tekniske feil og bommar på iallefall ni 100%-sjansar kor vi er åleine med keeper, fortel Ostrenar Leif Idar Røen.

- Gutane var av ein eller anna merkeleg grunn ikkje skikkeleg på frå starten.

Sterkt forsvar

Bakover på bana var Røen meir nøgd med innsatsen.

- I dag gjer vi ein kanonkamp bakover på bana.

- Der var vi skrudd på og gav Viking juling kvar gong dei forsøkte å bryta gjennom.

Takka vere det gode forsvaret låg Os berre to mål bak (8-10) til pause.

Reiste seg

Pausa nytta Os godt og fokuserte på å roa ned i angrep og få opp kvaliteten på pasningar og skot.

- Framleis gjorde vi litt for mange skotbom, men dei tekniske feila luka vi i stor grad vekk.

Dermed snudde Os kampen og gjekk frå to mål under til tre mål framfor med omlag seks minutt att å spele.

- Isak (Røen, journ.mrk) hevar seg spesielt i andre omgangen. Han rundar Vikingforsvaret gang på gang, noko som gjer at han etterkvart får frimerke.

- Dette slit vi diverre med å løysa, noko som gjer at Viking kjem opp i ryggen på oss igjen og utlignar til 21-21 med under eitt minutt igjen å spela.

I tillegg blir same Røen utvist to minutt før slutt slik at Os må spela med ein mann mindre og Viking får ei lettare oppgåve med å stoppa osangrepet.

Må stå over mot Kjøkkelvik

Med 7-8 sekund att har Os kontroll på ballen og kan kontrollera det eine poenget inn. I staden kastas ballen bort og Viking kjem på ei hurtig kontring. Trygve Dahl set ei kraftfull takling på Vikingspelaren noko som endar med direkte rødt kort, utestenging frå neste kamp og straffe.

- Heldigvis tek Einar Godø i mål fram det som bur i han og reddar straffa og poenget på eigenhand, fortel Røen.

Allereie laurdag klokka 16 i Oshallen er det duka for nytt topp-oppgjer når Os tek imot tabelltoar Kjøkkelvik.

- Vi rota oss vekk mot Kjøkkelvik på bortebane og tapte 36-40.

- Laurdag kan eg lova at vi ikkje skal gjera det sama og håper mange tek turen i hallen for å hjelpe herrene i ein av dei avgjerande kampane for sesongen, avsluttar Røen.

Viking 2 - Os 21-21 (10-8)
Utv: Viking 3x2 min, Os 1x2 min + 1 direkte rødt kort
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Dahl, Espen Risti 5, Joachim Nøkleby 3, Egil Thuen, Isak Røen 6, Joakim Blostrupmoen, Daniel Røen, Ove Lyssand 4, Frode Vindenes, Torbjørn Hjelle 3.

Os ligg etter kampen mot Viking på fjerde plass berre tre poeng bak serieleiaren, men med to kampar mindre spelt.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.