Politi | 11. des. 2022

Ber om tips etter væpna ran i Skjoldskiftet

Politiet går ut med bildeserie og skildring av gjerningspersonane.

Ber om tips etter væpna ran i Skjoldskiftet
Politiet har sett inn store ressursar i etterforkinga av ranet søndag morgon. Her er dei to gjerningspersonane. (Foto: Politiet/overvaking på Deli de Luca)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 11. des. 2022 10:00

Søndag morgon klokka 07.08 fekk politiet melding om ran av Deli de Luca/Esso i Skjoldskiftet.

– Ein av gjerningspersonane viste fram eit våpen som ser ut som ein pistol, fortel operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politiditrikt.

Fornærma, den tilsette i kiosken, er fysisk uskadd og blir tatt vare på av politi og arbeidsgivar.

– Ranarane fekk med seg eit mindre pengebeløp og nokre tobakksvarer.

Politiet bruker tipstelefon 47696060 om du har opplysingar som kan vera relevant for saka.

OPPDATERT: I løpet av dagen i dag har politiet pågripe ein av gutane, i kveld fekk dei også henta inn den andre mistenkte. Begge er mindreårige, men over den kriminelle lågalderen. Minst éin av dei innrømmer straffeskyld.

Bildeserie:

1 av 5

– Vi ser alvorleg på hendinga, og har sett inn store ressursar som jobbar med etterforsking, søk, sporsikring og etterretning, seier Knappen.

Politiet går også ut med bildeserie av gjerningspersonane og skildringa under.

Gjerningsperson 1: Ung mann, lys i huden iført kvit bukse med svart belte, grå hettegensar, svart boblevest med kvit liten logo på brystet, kvite sko, mørk maskering framfor ansiktet.

Gjerningsperson 2: Ung mann, lys i huden iført mørk bukse, svart/mørk boble-/dunjakke med hette og pelskrage, kvite sko, skjerf framfor ansiktet. Snakka gebrokkent, skildra som mogleg utanlandsk opphav.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.