Politi | 08. mars 2022
Ber om tips etter innbrot på Askvikneset
To bilar og fleire ungdomar blei observert.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 08. mars 2022 09:50
Måndag rundt klokka 22.25 fekk politiet melding om innbrot i ein kommunalbustad på Askvikneset.
Nokon tok seg inn i huset ved å bryta opp eit vindauge.
– To bilar og fleire ungdomar blei observert,fortelpolitioverbetjent Atle Birkeland.
Ein patrulje rykte ut for å undersøka åstaden.
– Forholdet blir meldt. Vi ønskjer å koma i kontakt med dei som var der, eller andre i området som har observert noko som kan hasamanheng med innbrotet.