Ber om å få kjøpe
Ordføraren ber om fullmakt frå kommunestyret til å by på Raudlio/Stokkadalen når Statsskog legg området ut for sal i slutten av veka.
I mai inviterte ordførar Terje Søviknes (Frp) til "regionalt toppmøte" for å diskutera med fylket, fylkesmannen, Bergen kommune, Bergen og Omlandfriluftsråd og andre ressursar korleis ein kunne samarbeida for å sikra det 12 000 kvaderatmeter store området i Raudlio og Stokkedalen når Statsskog no legg det ut for sal.
Tysdag legg ordføraren fram ei sak for kommunestyret kor han ber om fullmakt saman med rådmannen til å kjøpa eigedommen på vegne av Os kommune.
– Vi har freista å koma forhandlingsposisjon med Statsskog SF før eigedommen blei lagt ut i det opne markedet, men dette har blitt avvist av Statsskog.
– Dei er pålagt av regjeringa å gjennomføre alle sal i den opne marknaden, forklarar Søviknes i saksutgreiinga.
Har 2 mill, manglar 7-8
Direktoratet for Naturforvaltning (DN) har ikkje ville kjøpa eigendommen for å sikra den for friluftsliv eller naturvern, men har gjeve muntleg tilsagn om 2 millionar kroner i 2013 med rom for eventuell utviding i 2014. Løfte om bidrag frå Bergen kommune har òg ordføraren fått for den delen som ligg i Bergen kommune.
– Vi har også sendt søknad om deltaking i spleiselaget til fylkeskommunen.
– Søknaden på 2 millionar kroner blir fremja for politisk handsaming i Komite for kultur og ressurs 22. oktober. Per no kjenner vi ikkje innstillinga i saka, men signala frå administrasjonen har vore positive, skriv ordføraren i saksutgreiinga.
Lågare pris enn ein trudde
Sjølv om Statsskog ikkje har lagt ut prospekten enno ventar ordføraren at området blir lagt ut med ein lågare pris enn ein først såg for seg.
– Endeleg salsprospekt for eigedommen er p.t. ikkje lagt fram, men siste prisantydning er i området 9-10 mill kr. Dette er noko lågare en tidlegare estimat (11-12 mill kr), skriv Søviknes.
Han vonar at delar av summen Os kommune må betala kan fåast igjen gjennom sal av hogstmoden skog i området.
– Kor stor denne inntekta blir er også avhengig av pris på tømmer og kostnaden med infrastrukturtiltak for å få ut tømmeret.
– Staten har imidlertid gode stønadsordningar til m.a. skogsbilvegar, og det blir via Landbrukskontoret for Os, Fusa og Samnanger arbeid med tilkomst til skogsområda.
Rammene ordføraren og rådmannen må halde seg innan vil bli handsama i ein lukka del av kommunestyremøtet, då saka omhandlar vesentlege økonomiske interesser for kommunen.