Ber Høie svara
Laila Marie Reiertsen (Frp) ber helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) sjå på fastlegeordninga for bebuarar med langtidsplass på sjukeheim.
Med bakgrunn i svaret Laila Marie Reiertsen fekk frå kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap Nils-Petter Borge i formannskapet tysdag om fastlegeordninga for sjukeheimspasientar har ho, som stortingsrepresentant, løfta den opp på statsråden sitt bord.
I eit skriftlig spørsmål til helse- og omsorgsministeren skriv Reiertsen:
«Med bakgrunn i fastlegeordningen og at mange kommuner ikke klarer å ha nok fastleger til enhver tid så bør en se på bruken av fastlegelistene. Beboere som har fått langtidsplass på sykehjem får dekket sine legetjenester der. Og få ser sin fastlege overhodet i den tiden de bor på sykehjemmet.
Mener statsråden at det er riktig bruk av ressurser at fastlegen har pasienter på sin liste som får dekket sine legetjenester hundre prosent på det sykehjemmet de bor, og vil statsråden foreta seg noe i denne saken?»
Fleire bytar no enn før
Reiertsen grunngjev spørsmålet med at fleire kommuner ikkje klarar å få nye fastlegar raskt nok, at fleire ønskjer å bytta fastlege oftare enn før, samstundes som ein ser at beburarar på sjukeheimar som har fått tildelt langtidsplass får god legedekning frå tilsynslegen på den akuelle sjukeheimen.
– Dei fleste ser ikkje noko til sin fastlege, og har heller ikkje eit stort ønskje om det, då dei har tilgjengelege legeressursar tett på. Når det er slik så får ein bebuar på ein måte dobbelt opp. Dei står på fastlegen si liste samstundes som dei får legeteneste på sjukeheimen der dei har adresse.
– Dette blir på ein måte feil bruk av legeressurser. Samstundes som man kunne fått ledige plassar på fastlegen si liste for dei som ikkje er på sjukeheim, argumenterar Reiertsen i spørsmålet.
Har seks dagar til å svara
Skrifteleg spørsmål som blir rette gjennom stortinget er ikkje gjenstand for debatt i stortinget, men er ein kort spørsmålsform for å setta ei sak på dagsorden.
Statsråden har seks virkedagar på seg til å gje eit svar. Reiertsen spørsmål til Høie blei sendt inn onsdag denne veka.