Lokal | 05. juni 2013

Ber BIR vera føre var

Formannskapet ber BIR vera føre var i høve tømming av konteinarar for hytteboss. – Det er eigentleg ikkje verre enn å sjå på vêrvarselet.

Ber BIR vera føre var
Slik såg det ut ved hyttekonteinaren i Lønnevågen i Nordstrøno 24. juli 2012 (foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 05. juni 2013 13:58

Under politisk kvarter i formannskapet onsdag kom Eirik Neverdal (TvS) med ei oppmoding til administrasjonen.

– Er det mogleg å vera litt meir føre var, enn ein har vore tidlegare år og kontakta BIR allereie no i høve til å få dei til å sjå på kapasiteten på hyttekonteinarane og tømmefrekvensen av desse?

– Vi har allereie hatt eit par helger med fint vêr, og ein ser allereie tendensen til at det enkelte plassar flyt utover på godvêrsdagar, fortalde Neverdal.

Han poengterte òg at det er BIR som skal vera ekspertane på området, men at det dei seinaste åra har hatt ein tendens med å flyta rundt konteinarane.

– Det er jo to aspekt ved dette. Hytte-eigarane får ikkje tenesta dei betaler for gjennom renovasjonsavgifta, det er det eine. Det andre er jo forsøplinga - det ser ikkje ut der bosset ligg og flyt.

– Kan ein gjera stikkprøver?

Marianne Kramer frå teknisk drift tok med seg innspelet frå Neverdal og vil ta saka opp med BIR.

– Då har eg ei oppfølging til kommunen sine eigne folk. Er det mogleg å ta stikkprøver innimellom, skaut Espen Aspenes (Frp) inn.

Også det vil Kramer ta med seg attende til eininga.

Har tatt grep

Ordførar Terje Søviknes (Frp) gjorde formannskapet merkame på at ein allereie har tatt grep.

– På nokre av dei mest populære utfartsstaden har vi fått satt ut ekstra konteinarar via renovasjonsselskapet som har kontrakten på næringsavfall.

– Det var rett nok nokre utfordringar i overgang til ny renovatør, men det skal no vera rydda av vegen, forklarte Søviknes.

– Rett skal vera rett. BIR har reagert relativt raskt når dei blei kontakta i fjor sommar. Det går an for privatpersonar å melde frå også, når ein ser at ein konteiner er i ferd med å bli full, supplerte varaordførar Marie Bruarøy (H).

– I høve til når det er behov for å tømma konteinarane er det ikkje verre enn å sjå på langtidsvarsla frå YR og Storm. Blir det finvêr er det truleg auka behov for tømming, konkluderte ein løysingsorientert ordførar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.