Lokal | 08. juni 2016

Benjamin med film om Aurora

Flimmer Film planlegger kinofilm om Aurora Aksnes. Stian Servoss og osingen Benjamin Langeland er valt ut som regissørar, og no har dei fått støtte.

Benjamin med film om Aurora
Går det som dei håper på skal Flimmer Film og Benjamin Langeland laga kinodokumentar om Aurora (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 08. juni 2016 14:53

Flimmer Film fekk i dag 150.000 kroner i utviklingsstøtte frå Vestnorsk Filmsenter til prosjektet «Aurora», skriv BT.

Prosjektet handlar om Aurora Aksnes, kor filmselskapet ønskjer å følgje Aurora si store reise dei to neste åra.

– Det gjenstår mykje arbeid. Dette er det første tilskotet vi har fått til filmen, fortel produsent Thorvald Nilsen i Flimmer Film til BT.

Filmen treng å bli forankra hos ein distributør eller TV-kanal. Difor planlegg filmselskapet å følgje Aurora på festivalar og konserter i sommar for å laga ein pilot.

Benjamin som regissør

Til å regissera filmen har Flimmer Film sett dei to unge talenta Benjamin Langeland og Stian Servoss i førarsetet.

Benjamin sto mellom anna bak filmen om Brannsupporterane som blei vist på TV2 rett før seriestart tidlegare i vår.

Aurora er positiv

Prosjektet vil bli ein kinodokumentar om Aurora og den brytningstida ho er i, kor ho er i ferd med å bli vaksen og samstundes ein internasjonal popartist.

– Vi er så heldige at både Aurora og managementet hennar er veldig positive til filmplanane. Ho er ein spennande person, seier Nilsen til BT.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.